Undersøking omstillingprosjekt reiselivUndersøking i samband med omstillingsprosjekt for å få heilårleg aktivitet i reiselivet i Eidfjord og Ulvik. Frist for innspel er 1. oktober 2023 Publisert 13.09.2023 11.00 Sist endra 08.09.2023 13.03 Om prosjektet Ulvik herad og Eidfjord kommune ynskjer gjennom omstillingsprosjektet å jobba saman med lokalt næringsliv for å trygga eksisterande arbeidsplassar og jobba mot meir stabil, heilårleg aktivitet i reiselivet. Det vil over tid gje fleire årsverk og auka aktivitet i lokalsamfunna, som òg vil styrka anna næringsliv. Prosjektet går over 3 år og styringsgruppa er i gang med å laga ein tiltaksplan med prioriterte tiltak me ynskjer å jobba med i prosjektperioden. Ut frå dei tiltaka me vel å prioritera vert det også sett saman naturlege arbeidsgrupper der det er teneleg. Involvering Me ynskjer å involvera breitt, men likevel fylja klare mål og strategiar som ligg til grunn for prosjektet. Prosjektet skal gje rom for nytenking og utvikling. Undersøking Me har her utarbeida ei undersøking der kommunane sine innbyggarar kan spela inn forslag. Me er sikre på at det fins mange gode idèar der ute. Dei som ynskjer kan i undersøkinga koma med innspel til konkrete tiltak som samsvarar direkte med ein eller fleire av strategiane. Undersøking omstillingprosjekt reiseliv - skjema Frist Frist for å svara på undersøkinga er 1.oktober.