Unik frå fjell til fjord

hereid_winter2.jpg - Klikk for stort bilete

 

Eidfjord kommune ligg inst i den vakre Hardangerfjorden, med kort veg mellom fjord og fjell. Om lag 900 innbyggjarar har 1500 km²  å boltra seg på, så me har plass til alle som ynskjer å busetja seg, eller koma på besøk.  

Næringsliv

Kommunen er sjølv største arbeidsgjevar i Eidfjord. Næringslivet er elles prega av at Eidfjord er eit av dei mest attraktive reisemåla på Vestlandet. Arbeidsplassar innan småindustriverksemder, vasskraftforsyning og jordbruk gjev kommunen også mange arbeidsplassar. Me legg til rette for nyetableringar, og ynskjer desse velkomne til kommunen.

 

Gode, kommunale tenester

Me har vore eigen kommune sidan 1977, og kraftutbygginga på 70-talet har gjeve oss økonomisk armslag til å gje innbyggjarane våre gode tenestetilbod. Me har billege barnehageplassar til alle som søkjer, god grunnskule og trygge nærmiljøplassar. Tomter i kommunale byggjefelt er gratis, og eit kommunalt byggjetilskot på kr 200.000 vert gjeve til innbyggjarar som byggjer for fyrste gong. Ei samordna pleie- og omsorgsteneste gjev gode tenester til dei som har trong for slike.

 

Kommunikasjonar

5 timars køyring frå Oslo langs riksveg 7 og 2,5 timar frå Bergen plasserer oss midt i landet. Du brukar ca 70  sekund på å ta deg over Hardangerfjorden på Hardangerbrua.

 

Opplev Eidfjord

Store delar av Hardangervidda nasjonalpark og landskapsvernområde ligg innanfor kommunen sine grenser. Friluftsliv, jakt og fiske er viktige ingrediensar i livet i Eidfjord. Stupbratte fjellsider med fossefall som kastar seg ned mot fjorden gjev eit dramatisk inntrykk. Nede ved fjorden innbyr fine dagar til både båtliv, fisking og bading. Eit rikt kulturliv er å oppleva både i Eidfjord og elles i Hardanger. Kino, flotte museum og galleri, utstillingar, lokale handverkartradisjonar, kunsthandverkarar med meir, er med på å setja sitt preg på regionen vår. Me ynskjer alle velkomne til bygda vår!  

Fann du det du leita etter?
Artikkel (1)
 
Login for redigering