Utlysing av midlar

Utlysing av midlar

Hordaland fylkeskommune lyser ut 36,7 millionar kroner i søkbare midlar til delfinansiering av næringsretta utviklingsprosjekt i Hordaland.

Det er mogleg å søkja midlar til prosjekt innan regional næringsutvikling, som tildømes:

  • entreprenørskap og innovasjon
  • lokalsamfunnsutvikling
  • næringsretta kompetanse
  • bransjeretta tiltak

Kommunar, organisasjonar, institusjonar, klyngar og regionale utviklingsaktørar med brei lokal eller regional forankring kan søkja. Me oppmodar alle med gode prosjekt og tiltak til å ta kontakt med Eidfjord kommune.

Prosjekta skal medverka til å nå måla i handlingsprogram for nærings- og samfunnsutvikling i Hordaland (HNH) 2018 - 2019. Søknadar vert handsama fortløpande.
 

Tilskotsmidlar til omstilling og nyskaping i industrien i Hordaland

Hordaland fylkeskommune har sett av 12,2 millionar kroner øyremerkt til omstilling av industrien i Hordaland. Midlane skal nyttast som utløysande delfinansiering av konkrete tiltak og prosjekt knytt til omstilling, auka digitalisering, industri 4.0, automatisering og vekst i bedrifter. Samarbeidsprosjekt mellom fleire bedrifter, eller på tvers av bransjar vil bli prioritert.

Søknadsfrist 1.mai

Les meir og søk om tilskot til omstilling og nyskaping i industrien i Hordaland
 

Tilskotsmidlar til grøn næringsutvikling i Hordaland

Hordaland fylkeskommune har sett av 13,5 millionar øyremerkt prosjekt innan grøn konkurransekraft med fokus på fornybar energi, satsingar som kan redusera klimautslepp og andre tiltak innan det «grøne» skiftet.

Søknadsfrist 1. juni

Les meir og søk om tilskot til næringsutviklingsprosjekt med fokus på auka grøn konkurransekraft
 

Rekruttering, likestilling og utvikling i landbruket

Hordaland fylkeskommune har 1,3 millionar til prosjekt som kan styrka rekruttering til og kompetanseheving i landbruket i Hordaland.

Søknadsfrist 15. april og 15.oktober

Les meir og søk om tilskot til rekruttering, likestilling og utvikling i landbruket