Varm skulemat

Varm skulemat

Oppstart skulemat ved Lægreid skule, tysdag 19.oktober.

Då skal me endeleg i gang med varm skulemat igjen!

1.-10. klasse får no tilbod om varm skulemat. Maten et alle ti klassane saman i kantina på samfunnshuset. Det vert faste bord for klassane, der elevane sit anten dei et varm skulemat, eller dei har med seg niste. Lunsjtida er som i klasserommet, 10.55-11.15, og me tilpassar tida etter alderstrinn. Elevane hentar seg mat på brett, og etter at måltidet er slutt, ryddar elevane etter seg på ryddestasjon.

  • Varm skulemat er ei ordning som erstattar matpakka
  • Det vert servert lunsjporsjon tilpassa alder
  • Det er viktig at alle går inn i Visma og sjekkar at samtykke er rett når det gjeld skulemat
  • Hugs at du no kan endra samtykke i app’en!

Frist for endring av samtykke er fredag 8.oktober!

Varm skulemat - info og påmelding

Kontakt

Anne Istad
Rektor/Einingsleiar
E-post
Telefon 53 67 36 22
Mobil 977 82 614