Vasstrening (vannaerobic) med Gisella startar opp torsdag 14. september.
Publisert 24.08.2023 09.34
Sist endra 24.08.2023 12.49
Om kurset
- Passar alle, både utrente og godt trente
- Behageleg og skånsamt treningsmiljø
- Kurset vil gå over 10 veker
- Det er plass til maks 15 personar
Treninga er eit tiltak innan folkehelsearbeidet til Eidfjord kommune
Pris
Pris for heile kurset kr 1000
Tidspunkt
- Timen startar kl. 18.00 i vatnet, møt difor opp i god tid før dette, slik at du er klar
- Treninga varer omlag ein time og etter trening er det mogeleg å ta badstu
Påmelding
Meld deg på direkte til Gisella på mobilnr.: 95040867
Eidfjordingar har førsteprioritet, men er det ledige plassar får utbygdingar vera med òg. Meld deg på innan 7. september.