Ver forsiktig med bruk av eld utandørs

Me er inne i ein periode no på våren med mykje turr vegetasjon og skogbrannfareindeksen på yr.no viser aukande fare for brann i vegetasjon. Eidfjord brannvesen oppfordrar alle difor til å utvisa svært stor aktsemd ved bruk av eld utandørs.

Generelt forbod mot bruk av open eld

Turke medførar auka fare for brann i skog og annan utmark. Difor er det eit generelt forbod mot bruk av open eld i heile landet i sumarhalvåret (15. april til 15. september) i skogen, på fjellet, på stranda, og ved naturområder som ikkje er innmark. 

Ver aktsom

Så turt som det er no skal det svært lite til for å starta ein brann. Kvar enkelt av oss må heile tida visa aktsemd og opptre på ein slik måte av brann ikkje oppstår. Dette gjeld alle, heile tida og over alt.  Plikta til å vise aktsemd inneber at ein tek forhaldsreglar for å redusera sannsynlegheita for brann og begrensa skade dersom det skulle oppstå brann. Oppgjort eld må ikkje forlatast før den er heilt sløkt. 

Bålforbodet 

I tidsrommet 15. april til 15. september er det forbod mot å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og annan utmark utan tilatelse av kommunen. Dette forbodet vert omtala som "bålforbodet". Det generelle bålforbodet gjeld kun i nærleiken av skog eller annan utmark, og med det meines alle område som ikkje er innmark. Men hugs at plikta til å utøva aktsemd gjeld alle stadar. Det er den som utøver aktiviteten som er ansvarleg for brannsikkerheten. 

Å gjera opp eld omfattar også bruk av eingongsgrillar, bål- og peisinnretningar.

Grilling

Brannvesevenet fråråder generelt all bruk av eingongsgrill, i alle fall når det er turke. Grillane kan vera varme i fleire timar etter bruk om dei ikkje vert sløkt og nedkjølt skikkelig. Eingongsgrillar må aldri setjast på brennbart underlag. 

Les meir om brannsikkerhet på sikkerhverdag.no og vestbrannregion.no

Bål og grilling