Vil du og di bedrift jobbe med miljøforbetringar? Bli miljøfyrtårn

 Eidfjord kommune inviterer i samarbeid med Destinasjon Eidfjord enkeltverksemder og arrangement som er registrert i kommunen til Miljøfyrtårnsertifisering med lokale kurs i kombinasjon med individuell og digital rettleiing. 

Gjennom eit fastsett sertifiseringsløp vil ein miljøfyrtårnkonsulent guide oss gjennom prosessen steg for steg. Vi legg opp til at verksemda vert klargjort til sertifisering i løpet av tre månader. Har verksemda behov for lenger tid kan sertifiseringa avsluttast seinast i desember 2020. Eidfjord kommune gir i inneverande år tilskot til bedrifter som ynskjer å sertifisere seg som Miljøfyrtårn. 

Kven kan delta?

Enkeltverksemder og arrangement som er registrert i Eidfjord kommune og har ein motivert leiar som vil jobbe med miljøforbetringar. Miljøfyrtårn forbeheld seg retten til å vurdere korvidt verksemda er eigna. Dersom verksemda har ei kompleks drift med betydeleg miljøpåverknad, vert det anbefalt ei tilpassa rettleiing.
Bedrifter utan eit fungerande HMS system er velkomne til å delta, men då må eit HMS system/prosess utviklast parallelt med kurset gjennom individuell rådgjeving.

 

Kva ressursar trengst?

Kurset krev deltaking av (minst) ein person per verksemd. Dette bør vere den same personen som skal ha ansvaret internt for å gjennomføre Miljøfyrtårn-sertifiseringa.
 

Pris og finansiering 

Eidfjord kommune gir i inneverande år tilskot til bedrifter som ynskjer å sertifisere seg som
Miljøfyrtårn. Eidfjord kommune betalar kursavgift, individuell rådgjeving på inntil 3 timar,
sertifisørkostnader og etableringsgebyr. Dessutan dekkar Eidfjord kommune interne kostnader for
sertifiseringsarbeidet med inntil kr 7500,-. Deltakande bedrifter må forskuttere etableringsgebyret til
Miljøfyrtårn før kursstart slik at bedrifta bind seg til kurs og sertifisering. Denne vil for dei fleste
bedrifter i Eidfjord ligge på kr 3920,- + moms. og vil refunderast av Eidfjord kommune. Einaste
kostnad for bedrifta er årleg serviceavgift som for dei fleste bedrifter vil ligge på kr 1750,- + moms.
(0-9 ansatte).


Førebels kursdagar i Eidfjord:


1. kursdag 8. eller 9. juni kl 10-15
• Eidfjord kommune si erfaring med Miljøfyrtårnsertifisering
• Ein guide gjennom Miljøfyrtårnportalen og klima- og miljørapporten
• Introduksjon til miljøfyrtårn, portalen, framdrift, systemkrav og arbeidsmiljø
• Utarbeide handlingsplan for eiga bedrift
• Arbeidsoppgåver til neste gang.

Det er sett av litt tid til å jobbe ein del i portalen under kurset. Hugs å ta med PC. Mellom kursdagane
vert det gitt arbeidsoppgåver som verksemda skal jobbe med.

2. Kursdag 29. eller 30. juni kl 10-15
• Innkjøp, energi, avfall og utslepp, miljørapport og sertifisering
• Status handlingsplan sidan sist
• Miljøkriteriane – viktige tema og fokus i miljøfyrtårn
• Energi, avfall og transport – status og tiltak
• Miljørapporten – eit viktig verktøy

Vi avsluttar kurset med kva som er viktig å ha fokus på fram mot sertifisering og under sertifiseringa.

3. kursdag 17. eller 18. august

Vi riggar oss for sertifiseringa og har ein gjennomgang av arbeidsoppgåver før sertifisering. Status
handlingsplan, gjennomførte tiltak. Vidare arbeid etter sertifiseringa.
Kansellering/Endring av kurskonsept
Vi tek forbehold om endringar eller kansellering av kurs ved for få påmeldte. Vi tek forbehold om
endring av kurs til digital og/eller individuell rådgivning, avhengig av antal kursdeltakarar og Korona
situasjonen.

Påmelding og kontaktinformasjon 

Påmelding til kursholdar wenche@ctma.no med påmeldingsfrist 29. mai 2020. Det er plass til 9 bedrifter og det er fyrste bedrift til mølla.

Ta gjerne kontakt med miljøfyrtårnkoordinator i Eidfjord Kommune, Timo Knoch (97741715 - timo.knoch@eidfjord.kommune.no) eller med kursholdar Wenche Nygård Eeg (90912248 - wenche@ctma.no) dersom du har spørsmål.