Vil du vera med i ungdomsrådet?

Vil du vera med i ungdomsrådet?

Er du i alderen 13 - 18 år og ynskjer å vera med å påverka korleis me har det i Eidfjord? 

Kva gjer eit ungdomsråd

Eit ungdomsråd er ei gruppe barn og ungdom valgt av kommunestyret/fylkestinget til å hjelpa politikarane med å forstå kva som er viktig for barn og unge som bur der. KS har nettopp laga eit verktøy som heite E-ung som fortel om kva eit ungdomsråd er og kva det betyr å vera medlem. Her er det mykje nyttig informasjon.

E-ung, kva er eit ungdomsråd 

Korleis kan eg bli valgt

Dersom du ynskjer å vera ein av ungdommane som kan stemmast på ved valget må du melda frå til leiar i ungdomsrådet, Emilie Viveli Tveit eller sekretær for ungdomsrådet, Bergljot Maria Veivåg Hauso innan 25. november. Ynskjer du å vera med så sei det til oss, send ei melding, ring eller send ein e-post. 

Når er det valg

30. november og 2. desember er det valg av nytt ungdomsråd, valget skjer på fritidsklubben i den faste opningstida. Det er alle ungdommar heimehøyrande i Eidfjord i alderen 13 - 18 år som kan stemma.

Kor mange skal inn i ungdomsrådet

I fylgje retningslinene våre skal rådet bestå av 5 personar, det skal veljast inn 3 og 2 faste medlemmer for 2 år og vara for 1 år ved kvart val. Det vil sei at i år er det 3 som skal velgjast. Joakim Pedersen, Emilie Viveli Tveit, Maren Viveli  og Matilde Myklatun Hole er no ferdig med sin periode i ungdomsrådet, men dei som ikkje er fyllt 18 år kan stilla til valg igjen. 

Informasjon om Eidfjord ungdomsråd

Kontakt

Bergljot Maria Veivåg Hauso
Kultursjef
E-post
Telefon 53 67 35 93
Mobil 971 90 023

Opningstider

Onsdag
18.00 - 22.00 

Fredag (partallsveker)
18.00 - 22.00 

Fritidsklubben fylgjer skuleruta og held stengt sommar, jul- og påskeferie.