Informasjonskapslar (cookies) på våre nettsider

Me brukar informasjonskapslar (cookies) på nettsidene våre. Dei viser oss korleis du og andre brukar sidene, slik at me kan gjera dei enklare å bruka.

Kva er informasjonskapslar?

Informasjonskapslar er små tekstfiler som vert lagra på datamaskina eller mobilen din når du opnar ei nettside. Filene inneheld informasjon om korleis du brukar nettsida.

Me lagrar ikkje opplysingar som fortel kven du er, og me kan ikkje finna ut kven den einskilde brukaren er.

Kva informasjonskapslar brukar me?

Kva informasjonskapslar brukar me?
NamnKva han gjer
.ASPXANONYMOUS Kjenner att brukarar som ikkje er innlogga, når dei prøver å logga inn. Han inneheld ein unik ID og kjem frå ASP.NET, som Microsoft har laga.
ASP.NET_SessionIdGjer at nettsida kan skilja brukarane frå kvarandre. Han vert sletta når du lukkar nettlesaren.
LangHugsar kva språk du har valt.
__AntiXsrfTokenVernar nettsida mot visse typar dataåtak.
ApplicationOptionsVernar nettsida mot åtak og sørgjer for at skript og appar som nettsida treng, fungerer.

Slik seier du nei til informasjonskapslar

Dei fleste nettlesarar godtek informasjonskapslar automatisk. Du kan sjølv endra dette:

  1. Opna innstillingane i nettlesaren din.
  2. Vel at nettlesaren ikkje skal godta informasjonskapslar. På hjelpesidene til nettlesaren eller på nettvett.no ser du korleis du gjer det.

Dersom du seier nei til informasjonskapslar, kan det henda at nokre av nettenestene til kommunen ikkje fungerer slik dei skal.

Kva lova seier

Lov om elektronisk kommunikasjon § 2-7 b gjeld bruk av informasjonskapslar. Når du går inn på nettsidene våre, samtykkjer du i at me set informasjonskapslar i nettlesaren din. Det gjeld så lenge nettlesaren din godtek informasjonskapslar, og nettsida fortel at me brukar dei.

Me har lov til å handsama desse opplysingane fordi kommunen har plikt til å utøva offentleg myndigheit. Det står i personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 e og kommunelova § 4-1.

Kontakt personvernombodet

Har du spørsmål om korleis me brukar informasjonskapslar, kan du kontakta personvernombodet.

Google Translate

Du kan omsetja innhaldet på nettsida til andre språk med Google Translate. Når du gjer det, samlar Google inn informasjon om korleis du brukar tenesta. Det kan til dømes vera kva språk du omset frå og til, og kor lenge du brukar tenesta.