Personvernombod

Personvernombodet passar på personvernet ditt og hjelper kommunen å ta det på alvor. Både du som bur i kommunen og dei som jobbar i kommunen, kan få råd og hjelp hjå ombodet.

Kva er eit personvernombod?

Personvernombodet er ein person som alltid tenkjer på kva som er best for personvernet ditt. Ombodet er ein ressursperson og litt av ei vaktbikkje.

Ombodet hjelper kommunen å prioritera personvernet, både i det daglege arbeidet og når kommunen startar nye prosjekt.

Kva kan personvernombodet hjelpa deg med?

Personvernombodet gjev råd og hjelp om personvern til:

  • innbyggjarane i kommunen
  • dei som jobbar i kommunen

Kontakt personvernombudet