Få hjelp og rettleiing som pårørande

Det er mykje å halda styr på når nokon i familien treng hjelp, og pårørande har viktige rettar. Me rettleiar deg i korleis du kan få informasjon og kva slags støtte som finst.

Kven er næraste pårørande?

Næraste pårørande er den personen du sjølv oppgjev, og som har fått samtykke til å motta informasjon om helsetilstanden din eller anna. Born over 16 år avgjer sjølve i helsespørsmål.

Kva har du rett på som pårørande?

Pårørande er ein viktig ressurs for å gje best mogleg tenester.

  • Du har rett på generell informasjon og rettleiing, sjølv om helsepersonell har teieplikt.
  • Dersom den sjuke har samtykt til det, kan du få nærare informasjon om helsetilstand og helsehjelp.
  • Born under 18 år har rett på informasjon og oppfølging dersom mor, far eller søsken har psykisk sjukdom, rusmiddelavhengigheit eller alvorleg somatisk sjukdom eller skade.

Slik kan du få hjelp og snakka med nokon

Dersom du har nokon i familien som mottar hjelp frå kommunen, kan du be om ein samtale.

  • Ta kontakt med dei som gjev hjelpa i kommunen.
  • Snakk med fastlegen, helsesyster eller barnevernet.
  • Kontakt brukarorganisasjoner eller interesseorganisasjoner som har eigne tilbod for born og unge som pårørande.

Her finn du fleire råd og kurs

Det finst nasjonale netttenester og linjer der du kan få anonym rettleiing og støtte:

  • Helsenorge.no: Ei nasjonal informasjonsside som gjev deg oversikt over rettigheiter og tilbod for pårørande.
  • Pårørendesenteret.no: Ei landsdekkjande nettside der du finn kunnskap, tips og råd. Du kan kontakta pårørandelinja via chat, e-post eller telefon for individuell sosialfagleg rettleiing av personar med teieplikt.
  • Brosjyre frå Helsedirektoratet: Informasjon om rettigheitene til pårørande for personar med psykiske lidingar eller rusmiddelproblem.
  • SOS-chat: Kirkens SOS si kriseteneste på internett, der du heilt anonymt kan skriva om alt du har på hjarta.

Treng du nokon å snakka med no?

Du kan når som helst kontakta Kirkens SOS sin kriseteneste på internett, heilt anonymt.

Snakk med nokon på SOS-chat