Kven kan få hjelp?
Tilbodet er for deg som bur i kommunen og opplever utfordringar i kvardagen knytt til hukommelse eller demens. Du kan ta kontakt dersom du:
- har merka at du gløymer meir enn før, eller har mistanke om demens
- har fått ein demensdiagnose
- er pårørande til nokon med hukommelsesvanskar eller demens
Kva kan hukommelsesteamet hjelpa med?
Målet vårt er å oppdaga demens tidleg, slik at du kan få rett behandling, god omsorg og ta viktige avgjerder for framtida di.
Me hjelper deg og dine pårørande med:
- å kartleggja og greia ut symptom på demens, og skilja dette frå normal aldring eller annan sjukdom
- samtalar, informasjon, råd og rettleiing etter at ein diagnose er stilt
Teamet følgjer nasjonalfaglege retningslinjer og brukar nasjonale kartleggingsverktøy i arbeidet.
Kven jobbar i teamet?
I hukommelsesteamet møter du fagpersonar med brei erfaring:
- leiar for demensavdelinga (koordinator)
- leiar for heimetenestene
- ergoterapeut
- psykiatrisk sjukepleiar
Teamet samarbeider også tett med fastlegen din.
Slik tar du kontakt
Du treng ikkje tilvising frå fastlegen eller anna helsepersonell for å få hjelp av oss. Dette er eit lågterskeltilbod der du eller dine pårørande kan ta direkte kontakt med teamet.
Nyttige lenker