Få hjelp og rettleiing av kreftsjukepleiar
Pleie- og omsorgstenesta i Eidfjord har tilsett ein kreftsjukepleiar med fordjupa kunnskap om kreftomsorg og lindrande behandling. Tenesta gjev hjelp og rettleiing til kreftramma innbyggjarar.
Kven kan få hjelp?
Du kan få hjelp og pleie når du trenger det dersom du er ramma av kreft. Kreftsjukepleiaren har som hovudmål å få tidleg kontakt med deg og sikra gode, trygge og samordna tenester.
Kva hjelp kan du få?
- Rettleiing og informasjon: Du får rettleiing og informasjon om relevante tilbod innan kreftbehandling og kreftomsorg.
- Tryggleik og ivaretaking: Kreftsjukepleiaren bidreg med gode rutinar for å sikra at både du og pårørande opplever stor grad av tryggleik.
- Samordning: Sjukepleiaren fungerer ofte som primærkontakt for pasientar i heimesjukepleia og på sjukeheimen, og samarbeider tett med kommunen sine andre tenester.
Slik får du kontakt med kreftsjukepleiaren
Dersom du allereie mottek pleie- og omsorgstenester frå Eidfjord kommune, treng du ikkje å senda ein ny søknad for å få oppfølging av kreftsjukepleiar.
- Ta kontakt gjennom dialog med den enkelte tenestestaden.
- Ta direkte kontakt med kreftsjukepleiaren.
- Tenesta vert også formidla gjennom Eidfjord legekontor.
Kostnad
Tenesta er heilt gratis
Lenker og vidare ressurser
Publisert 23.11.2026 14:36
Sist endra 23.11.2026 14:36