Den kulturelle skulesekken

Alle elevar i skulen og born i barnehagen får oppleva profesjonell kunst og kultur gjennom Den kulturelle skulesekken (DKS). Tilbodet er gratis og skjer i skule- og barnehagetida.

Kva får borna oppleva?

Gjennom Den kulturelle skulesekken får born og unge møta profesjonelle kunstnarar og kulturarbeidarar. Målet er å gi alle dei same gode kulturopplevingane, uansett kvar i landet dei bur.

Tilboda dekkjer ulike kulturuttrykk:

  • musikk
  • film
  • visuell kunst
  • litteratur
  • scenekunst
  • kulturarv

Korleis fungerer ordninga i kommunen?

Tilboda i Eidfjord kjem frå to stader:

  • Fylkeskommunen: Sender turnear og produksjonar rundt til skulane.
  • Kommunen: Budsjetterer eigne midlar og planlegg lokale tilbod.

Kommunen har laga ein treårig plan som viser kva lokale tilbod skulane og barnehagane skal få.

Sjå kva skulen din får besøk av på nettsidene til Den kulturelle skulesekken i Vestland