Opningstider
Fritidsklubben er open på desse tidene:
- Onsdag: kl. 18.00–21.00
- Fredag i partalsveker: kl. 19.00–23.00
Me følgjer skuleruta og held stengt i juleferien, påskeferien og sommarferien. Ungdom i 7. klasse blir inviterte til klubben etter nyttår kvart år.
Kva kan du gjera på klubben?
Det er alltid vaksne til stades i opningstida. På fritidsklubben har me mellom anna:
- PlayStation 5, Xbox og gaming-PC-ar
- biljard, bordtennis og brettspel
- teikne- og handverksutstyr
- scene med lys og lyd, og lokale til bandøving
- stor sal med plass til arrangement
- skateområde og ulike utandørsaktivitetar
Me samarbeider òg med nabokommunane og arrangerer eigne tilskipingar gjennom året.
Nøkkelbrikke for ungdom frå 10. klasse til 18 år
Er du mellom 10. klasse og 18 år, kan du få di eiga nøkkelbrikke til ungdomshuset. Med nøkkelbrikka kan du låsa deg inn måndag til torsdag mellom kl. 15.00 og 23.00. Det vert halde eige informasjonsmøte for elevar i 10. klasse og føresette årleg om dette tilbodet.
Slik kan du vera med og påverka
Ungdomsrådet fungerer som styre for fritidsklubben. Me arrangerer òg allmøte der alle brukarar kan koma med innspel til tilbodet.
Følg Eidfjord kommunale fritidsklubb på Facebook