Fritidserklæringa i Eidfjord
Alle barn og unge i Eidfjord skal ha moglegheit til å leika, vera med i fritidsaktivitetar og oppleva fellesskap. Fritidserklæringa viser korleis kommunen jobbar for at alle skal få delta og bli høyrde.
Kva betyr fritidserklæringa for barn og unge?
Fritidserklæringa vår byggjer på FNs barnekonvensjon. Fordi barn og unge er ekspertar på sitt eige liv, skal me spørja dei om kva dei treng og ønskjer på fritida – og jobba for å få det til.
Me er difor einige om:
- At alle barn og unge skal ha moglegheit til å delta i fritidsaktivitetar og i leik som passar for alderen deira. Gjennom leik og aktivitet vert barn og unge inkluderte i fellesskap og opplever meistring.
- At barn og unge skal involverast og ha innverknad på leiken og aktivitetane dei skal delta i. Det vert gjort mykje godt arbeid lokalt og nasjonalt for å inkludera barn og unge i sosiale fellesskap og aktivitetar, men me har ikkje lukkast i å gjera det mogleg for alle å delta.
Løysinga må finnast i fellesskap, difor vil me:
- Samarbeida lokalt og nasjonalt om at alle barn og unge skal få delta jamleg i minst éin organisert fritidsaktivitet saman med andre.
- Fremja betydninga av å satsa på og synleggjera aktivitetstilboda til lokale lag og foreiningar som eit viktig verkemiddel for sosial inkludering av barn og unge i lokalsamfunnet.
- Formidla gode idear og lokale døme på korleis kommunar og frivilligheita kan samarbeida om å sikre at alle barn og unge har moglegheit til å delta i organiserte fritidstilbod, uavhengig av til dømes kjønn, etnisitet, religion, seksuell orientering, funksjonsevne, bustad og den sosiale og økonomiske situasjonen til foreldra.
- Prioritera behova og ynskja til barn i utviklinga av fritidsarenaen gjennom å spreia god praksis og systematisera arbeidet med å sikra medverknaden til barn.
Publisert 18.11.2026 12:20
Sist endra 18.11.2026 12:20