Kva gjer ungdomsrådet?
Ungdomsrådet gir råd til politikarane og administrasjonen i alle saker som gjeld barn og unge i kommunen. Rådet får tilsendt alle saksdokument i slike saker før politikarane tek ei avgjerd.
Ungdomsrådet skal òg:
- dela ut pengar til tiltak og aktivitetar for unge
- styrkja engasjementet blant ungdom i kommunen
- representera Eidfjord i Hardanger ungdomsråd (leiar og nestleiar møter her)
Har du innspel til saker?
Har du ein idé eller ei sak du vil at ungdomsrådet skal jobba med? Ta kontakt med leiar eller sekretær for ungdomsrådet.
Korleis blir ungdomsrådet valt?
Ungdomsrådet har fem faste medlemmar og ein vararepresentant. Det er val kvart år innan 31. desember, og det er kommunestyret som godkjenner det nye rådet. Rådet sit for eitt år om gongen.
Les vedtektene for Eidfjord ungdomsråd (PDF, 73 kB)
Medlemmar i ungdomsrådet
Her ser du kven som sit i Eidfjord ungdomsråd:
- Leiar: Torgeir Bu (2025–2026)
- Nestleiar: Simen Bergman (2025–2026)
- Medlem: Eivind Bu (2026–2027)
- Medlem: Tuva Stakseng Ukvitne (2025–2026)
- Medlem: Stella Bergman (2026–2027)
- 1. vara: Anders Myklatun Hole (2026)
Sekretær for ungdomsrådet er førebyggingskoordinator Kari Lægreid
Tilskotsordning for unge( intern link)
Hardanger ungdomsråd si heimeside