Skaff deg nasjonalt lånekort
Du treng lånekort for å bruka biblioteket og dei digitale tenestene våre. Lånekortet er gratis. Ta kontakt med biblioteket dersom du ikkje har lånekort enno.
Opningstider
Biblioteket er ope på desse tidene:
- Måndag: kl. 12.00–16.00
- Onsdag: kl. 15.00–18.00
- Fredag: kl. 10.00–14.00
Lånetid og innlevering
Bøker: 4 vekers lånetid
Dersom ingen andre ventar på boka eller filmen, kan du forlenga lånetida på Bibliofil eller ved å ringja biblioteket. Mistar du eller øydelegg du noko du har lånt, må du erstatta det.
Du kan levera inn bøker i innleveringsskåpet ved informasjonen på kommunehuset i opningstida til kommunehuset
Lån e-bøker, lydbøker, aviser og magasin på nett
Med nasjonalt lånekort har du gratis tilgang til fleire digitale tenester heimefrå:
- Bibliofil (app og websøk): Sjå kva bøker me har i samlinga, reserver bøker og hald oversikt over låna dine. Appen fungerer òg som digitalt lånekort.
- Biblio: Lån e-bøker og e-lydbøker gratis.