Kven kan trena på senteret?
Du kan trena på senteret frå det året du fyller 15 år.
- Er du 18 år eller eldre? Då kan du kjøpa digital tilgang i appen xLock og trena på eiga hand med ein gong.
- Er du mellom 15 og 18 år? Då må du først ta eit styrketreningskurs med rettleiar på treningssenteret og få eit sertifiseringsbevis. Du kan aldri trena åleine, og du må kjøpa eit fysisk nøkkelkort på tenestetorget på kommunehuset. Både du og føresette må signera eit skjema med retningslinjer før du får utlevert kortet. Hugs å ta med kursbeviset når du hentar kortet.
Slik kjøper og fornyar du tilgang
Vaksne (over 18 år) – digital nøkkel på mobilen
Me bruker det digitale låsesystemet xLock.
Slik kjem du i gang:
- Last ned appen xLock frå App Store eller Google Play.
- Skann QR-koden som heng på veggen ved treningssenteret med kameraet på mobilen.
- Vel kva treningskort du vil ha (1 år, 6 månader, 1 månad eller dagskort).
- Betal med Vipps eller kort.
- Opna appen og vel kva dør du vil opna kvar gong du skal inn.
Når kortet ditt går ut, får du varsel i appen. For å fornya kortet skannar du QR-koden på veggen på nytt og betaler for ein ny periode.
Hugs å alltid ta med deg telefonen når du trenar, også dersom du berre skal ut av rommet ei lita stund – elles låser du deg ute.
Ungdom (15–18 år) – fysisk nøkkelkort
Du kan ikkje kjøpa digitalt treningskort i appen. Møt opp på tenestetorget på kommunehuset med kursbeviset ditt og signert skjema frå føresette for å kjøpa fysisk nøkkelkort.
Prisar på treningskort
Prisane i oversikta gjeld ordinær pris. Ungdom mellom 15 og 18 år får 50 prosent rabatt på alle typar treningskort.
- Årskort: 3000 kroner (1500 kroner for ungdom 15–18 år)
- Halvtårskort: 2000 kroner (1000 kroner for ungdom 15–18 år)
- Månadskort eller periodekort: 500 kroner (250 kroner for ungdom 15–18 år)
- Dagskort: 100 kroner (50 kroner for ungdom 15–18 år)
Reglar når du trenar
For at det skal vera trygt og triveleg for alle, må du følgja desse reglane:
- Tilgangen er personleg: Du har ikkje lov til å sleppa inn barn eller andre personar på din tilgang. Alle som er i lokalet må ha eigen tilgang og trena sjølve.
- Bruk innesko: Det er ikkje lov å bruka utesko i treningssenteret.
- Rydd og tørk av: Rydd alltid utstyret på plass etter deg og tørk av apparata du har brukt.
- Bruk øyreproppar: Du må bruka øyreproppar eller hovudtelefonar dersom du vil høyra på musikk.
- Trening med skulen eller fysioterapi: Skulen og fysioterapitenesta har eigen tilgang når dei held gruppetrening. Vil du trena vidare på eiga hand etter timen, må du ha eigen tilgang.
- Rommet er alltid ope: Treningssenteret er ope for andre medlemmer sjølv om det føregår gruppetrening eller reinhald. Me legg ut beskjed på infoskjermen og i appen Infoskjermen Go når det er planlagt slik aktivitet.
Dersom du bryt reglane eller slepper andre inn på din tilgang, mistar du retten til å bruka treningssenteret med ein gong. Du får heller ikkje kjøpa ny tilgang dei neste 12 månadene.
Sjå kva som skjer på treningssenteret
Me sender ut driftsmeldingar og informasjon om treningssenteret i appen Infoskjermen Go. Der finn du òg kalenderen som viser når gruppetreningsrommet er ledig eller oppteke.
Slik følgjer du kanalen vår:
- Last ned appen Infoskjermen Go frå App Store eller Google Play.
- Gå til «Følg en kanal» og skriv inn koden Eidfjordtrening.
Gruppetreningsrommet er berre for organisert gruppetrening i regi av Eidfjord idrettslag eller andre organisasjonar, og det må alltid vera ein instruktør eller trenar til stades. Rommet blir ikkje opna for egentrening.
Berre trenarar og instruktørar kan bestilla gruppetreningsrommet. Rommet er berre for organisert gruppetrening i regi av Eidfjord idrettslag eller andre organisasjonar, og det må alltid vera ein instruktør eller trenar til stades. Rommet blir ikkje opna for egentrening.
Me bruker ikkje appen xLock til dette rommet. Du må ha ei fysisk nøkkelbrikke eller eit adgangskort, og tilgangen gjeld for eitt halvår om gongen (1. januar–30. juni eller 1. juli–31. desember). Ta kontakt minst éi veke før du treng tilgang, slik at me rekk å gjera klart kortet eller brikka.
- Trenarar i Eidfjord idrettslag: Idrettslaget sender ei samla liste over trenarar til kommunen, så du treng ikkje gjera noko sjølv.
- Trenarar i andre organisasjonar: Du eller organisasjonen din må kontakta eininga for kultur, næring og berekraft for å avtala tilgang.
Før du sender ein førespurnad, må du sjekka kalenderen i appen Infoskjermen Go for å sjå om rommet er ledig.
Melda frå om skadar eller manglar
Oppdagar du øydelagt utstyr eller andre manglar i lokalet, må du gi oss beskjed med ein gong:
Internkontroll og personvern
Når du loggar deg inn på treningssenteret, registrerer sporingssystemet vårt namnet ditt og tidspunktet du går inn. Lova seier at me skal informera deg om dette.
Les dokumentet Internkontroll og ROS for treningssenteret (PDF, 623 kB)