Kven kan søkja om spelemidlar?
Det er berre eigaren av anlegget som kan søkja om spelemidlar, og du må representera eit idrettslag, ein friluftsorganisasjon, ein kommune eller ein annan godkjend aktør.
Les full oversikt over kven som kan søkja på vanlege spørsmål hos anleggsregisteret.no
Kva kan du få støtte til, og kor mykje?
Du kan søkja om tilskot til bygging og rehabilitering av:
- Nærmiljøanlegg: Du kan få dekt inntil 50 prosent av godkjent kostnadsoverslag.
- Ordinære anlegg for idrett og fysisk aktivitet: Du kan få dekt inntil ⅓ av godkjent kostnadsoverslag. Nokre anleggstypar kan få tilskot på inntil 50 prosent av godkjende kostnader. Dette gjeld turvegar, turløyper, stiar og enkelte spesielle tiltak.
Alle tilskot har ei øvre grense. Du finn oversikt over maksbeløpa for ulike anleggstypar i forskrifta for ordninga under «Vilkår og krav» i anleggsregisteret.
Krav til søknaden for ordinære anlegg
For å søkja om spelemidlar til ordinære anlegg i Eidfjord kommune, må du oppfylla desse krava:
- Anlegget må vera prioritert i kommunedelplanen for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv.
- Du må setja deg inn i regelverket i Kulturdepartementet sin rettleiar «Føresegner om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet».
- Du må fylla ut søknadsskjemaet sjølv, men du kan be om hjelp frå ansvarleg for spelemidlar i kommunen undervegs.
Mindre kostnadskrevjande anlegg har andre reglar, og du kan søkja om støtte til desse heile året.
Viktige datoar og saksgang
Fristane gjeld både for nye søknader og når du fornyar ein søknad frå tidlegare år.
- 1. oktober: Du må registrera nye prosjekt innan denne datoen for at dei skal koma med i handlingsplanen for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv.
- 1. november: Du må fylla ut søknadsskjemaet og lasta opp alle vedlegg på anleggsregisteret.no innan denne datoen. Søkjer du på nytt om eit eksisterande prosjekt, må du kanskje kontakta kommunen for å få referansenummeret ditt.
- 20. november: Kommunen går gjennom tala og vedlegga i søknaden din.
- 10. desember: Dersom noko manglar eller er feil, må du retta opp dette innan denne datoen.
- 15. januar: Kommunen sender søknaden vidare til fylkeskommunen saman med følgjebrev og prioriteringsliste.
Slik søkjer du
Du søkjer om spelemidlar digitalt på nettstaden anleggsregisteret.no. Der finn du òg rettleiing og oversikt over alle idrettsanlegg i registeret.
Gå til anleggsregisteret.no for å søkja om spelemidlar
Rapportera når anlegget er ferdig
Dersom du får tildelt spelemidlar, har du to år på deg til å gjera anleggsprosjektet ferdig. Innan denne fristen må du senda utbetalingsanmodning, rekneskapsskjema og revisoruttale til fylkeskommunen.
Rapportering på ferdige idrettsanlegg, kulturbygg eller hytter og løyper i fjellet
Plan og regelverk