Alarmplan for symjebassenget på samfunnshusetHer finn du oversyn over kva du gjer dersom det oppstår ei ulykke i symjebassenget på Lægreid skule, samt kva tryggingsreglar som gjeld for undervisning og offentleg bading.Alarmplan ved ulykker i bassengetFå den forulukka i land og start opplivingsforsøk.Tilkall lege og ambulanse på telefon 113.Ha ansvaret for den forulukka inntil fagpersonar kjem.Om mogeleg, tilkall ekstra vaksne.Alarmplan for Lægreid skuleGenerelt Føresetnad for alarmplanen: Sjå tryggingsreglane. Den som er hovudbadevakt/hovudlærar blir heretter kalla “tilsynsperson”Ved ulykker skal tilsynsperson leia redningsaksjonen til kvalifisert helsepersonell tek over. Alle som underviser, leiar eller har tilsyn med aktivitetane i symjebassenget pliktar å lære alarmplanen. Det skal alltid vera minst ein vaksen med livredningskurs til stade.Ulykker Tilsynsperson kjem straks til bassengkanten, får oversikt, og vel sikraste og raskaste redningsmoglegheit for å få pasienten på land. Dersom andre enn tilsynsperson oppdagar at ein person er i fare, varslar ein den tilsynspersonen straks. Tilsynsperson set straks i gang med undersøking av pasienten. Om pasienten er bevisstlaus og pustar: legg han straks i sideleie. Om pasienten ikkje pustar, set straks i gang med livreddande oppliving HLR til ambulanse/helsepersonell er på plass. Tilsynsperson ser til at det vert ringt medisinsk nødtelefon 113. Om det er naudsynt, må tilsynsperson få nokon til å henta medisinsk utstyr. Ein person tek ansvar for resten av gruppa, få dei ut av bassenget. Ein person ventar på ambulanse/helsepersonell ute og viser raskaste veg fram til pasienten. I skuletida må administrasjonen bli varsla så snart som råd er. Administrasjonen varslar føresette. Etter ulykka Tilsynsperson skriv rapport om ulukka. Dei tilsynspersone har teieplikt, og skal ikkje svara på spørsmål frå pressa, eller gje opplysningar om tredjeperson.Tryggingsreglar for symjehallenGenerelt For tryggingspersonell gjeld følgjande.Ved undervisninga i skuletida skal desse vera til stades i symjebassenget: dersom elevane er symjedyktige: 1 lærar pr. klasse når klassen er under 15 elevar dersom elevane ikkje er symjedyktige: 1 lærar + lærar 2/ assistent Ved offentleg bading på ettermiddags-/ kveldstid skal følgjande vera til stades i symjebassenget: Ved bading for born (maks 15 stk i bassenget) og vaksne: 1 badevakt Ved familiebading (maks 30stk i bassenget): 1 badevakt + born blir fylgt av vaksne Aldersgrensa for å gå aleine i symjebassenget er frå årskullet 2014. Ein må vera starta i 6. klasse . Borna må vere symjedyktige. Alle lærarar, assistentar og badevakter pliktar å læra alarmplan og tryggingsreglane for symjehallen. Spesielt Alle dører til bassenget skal vera låste før og etter timen/offentleg bading. Tilsynsperson skal vera på plass ved bassenget før undervisninga/badinga byrjar. Tilsynsperson skal halde kontinuerleg tilsyn med aktiviteten i bassenget. Elevar i 1. – 4. klasse vert sett på som ikkje symjedyktige. Før du går i bassenget, skal heile kroppen vaskast med såpe, og etterpå skolast med vatn. Alle skal bruka badehette. Desse reglane skal gjerast kjende for elevane: Ingen får gå ut i bassenget før det er gjeve klarsignal frå tilsynsperson. Ein skal ikkje ropa og skrika i bassenget. Det er forbode å springa i symjehallen! Det er forbode å dytta andre ut i bassenget. Det er forbode å dukka andre under vatn.Det er forbode å ta andre stup enn startstup. Dette må takast på kortsida der bassenget er djupast. Elevar som ikkje deltek i undervisninga, skal sitje på tilvist plass Lytt til og rett deg etter tilsynsperson sine påbod. Ved starten av skuleåret skal desse reglane gjennomgåast. Publisert 18.11.2026 14:01 Sist endra 18.11.2026 14:03