Delta på vasstrening

Vasstrening er skånsam og effektiv fysisk trening i basseng, som vanngym, bassengtrening og symjing.

Kva er vasstrening?

Når du trenar i vatn, gir oppdrifta mindre belastning på ledda dine, samstundes som motstanden i vatnet gir god styrke- og kondisjonstrening.

Kvar og når er det vasstrening?

Me annonserer tidspunkt og detaljar for vasstrening på heimesida vår og i Friskus-appen.

Vasstrening er ein del av folkehelsearbeidet i Eidfjord kommune, førebyggingskoordinator Kari Lægreid er kontaktperson. 

Prisar

Folkehelsetiltak
TilbodPris
Babysymjing (8 veker)800
Vasstrening (7 veker)1000
Sertifiseringskurs ungdom500
Sertifiseringskurs eldre500