Finna turar og turløyper i Eidfjord

Med nærleik til både fjord og fjell finn du eit breitt utval av turløyper, stier og uteaktivitetar i Eidfjord. Her får du oversikt over turane fordelt etter vanskegrad, slik at du kan finna ein tur som passar for deg. Merk at fleire av stiane i Eidfjord ligg i bratt terreng med rasfare. Ta difor alltid omsyn til vêr og føre før du legg ut på tur, og hugs at all ferdsel skjer på eige ansvar.

Oversikt over turløyper

Her er ei samla oversikt over turløypene i kommunen, sortert etter kor krevjande dei er.

Rusletur *

Sentrum - Gamlenausta - Lægreid - Tråe: 

Startar utanfor turistkontoret, går ut langs fjorden, forbi Heggjagarden og til Gamlenausta. Kryss Riksveg 7 og gå opp til Stangadalen på grusa sti, vidare forbi Ysmarhaug og Jakobskyrkja rundt Lægreid til utgangspunktet.

  • Merke: Blått merke
  • Skotøy: Spasersko
  • Tid og lengd: 1,5 timar (rundtur), om lag 4 km
  • Høgdeskilnad: 0–30 moh

Sæbøvegen - Hagavegen: 

Start ved Norsk Natursenter i Øvre Eidfjord og gå langs asfaltert veg og gang- og sykkelveg. Tilpassar seg godt for rullestolbrukarar.

  • Merke: Lilla merke
  • Skotøy: Spasersko
  • Tid og lengd: 50 minutt (rundtur), om lag 2,5 km
  • Høgdeskilnad: 30–40 moh

Simadalen langs elva: 

Start på Sæ i Simadal ved Statkraft SF. Gå langs hovudvegen over brua og følg grusa sti til venstre ned mot elva med informasjon, fiskeplass og gapahuk. Stien kryssar elva lenger inne og fortset langs bilvegen innover til Tveit.

  • Merke: Gult merke
  • Skotøy: Spasersko
  • Tid og lengd: 1 time (ein veg), om lag 4 km
  • Høgdeskilnad: 0–110 moh

Tveit - Skytjefossen i Simadal: 

Start på parkeringsplassen på Tveit i Simadal. Ta stien til venstre og følg enden av grusvegen innover Simadalen for å sjå Skytjefossen, ein av landets høgaste fossar.

  • Merke: Blått merke
  • Skotøy: Lette fjellsko, joggesko
  • Tid og lengd: 1,5 timar (tur/retur), om lag 4,5 km
  • Høgdeskilnad: 110–230 moh

Natursti ved Lundarland: 

Start ved Norsk Natursenter i Øvre Eidfjord på asfaltert veg og gang- og sykkelveg. Ta til venstre etter brua og følg grusa sti langs elva Bjoreio ned mot Eidfjordvatnet og beiteområde for husdyr, før du går over Steinberg bru att.

  • Merke: Rosa merke
  • Skotøy: Spasersko
  • Tid og lengd: 1,5 timar (rundtur), om lag 3 km
  • Høgdeskilnad: 30–60 moh

Lett tur **

Steinberget til Vardbergshaugen: 

Start ved Norsk Natursenter i Øvre Eidfjord langs gang- og sykkelveg mot Måbødalen. Før Steinberg bru tek du til høgre over Steinberget til Vardbergshaugen, ned over gardstunet på Fleto og Katle delvis langs vatningsveiter. Litt ulendt terreng.

  • Merke: Oransje (lys) merke
  • Skotøy: Lette fjellsko, joggesko
  • Tid og lengd: 1,5 timar (rundtur), om lag 4 km
  • Høgdeskilnad: 30–80 moh

Vardbergsdalen langs Bjoreio: 

Start ved Norsk Natursenter i Øvre Eidfjord mot Måbødalen, ta til høgre ved Steinberg bru og innover Vardbergsdalen langs elva. Hengebru kryssar elvan; retur same veg. Tilrådd i mai–oktober.

  • Merke: Oransje (mørk) merke
  • Skotøy: Lette fjellsko, joggesko
  • Tid og lengd: 2 timar (tur/retur), om lag 7 km
  • Høgdeskilnad: 30–110 moh

Hereidsvegen og Hodna: 

Start i sentrum opp Hereidsvegen, over Hereid med fornfunn og vikinggraver og langs elva Eio. Frå utkikkspunktet Hodna ser du utover store delar av bygda.

  • Merke: Gult merke
  • Skotøy: Spasersko
  • Tid og lengd: 2 timar (rundtur), om lag 5 km
  • Høgdeskilnad: 0–100 moh

Moderat tur ***

Vedalsfossen og Hjølmo: 

Start ved Norsk Natursenter i Øvre Eidfjord, gå langs Sæbøvegen og mot Hjølmadalen til Mylningstveit. Følg historisk sti og elva Veig til klyngjetunet Hjølmo for å oppleva dramatiske Vedalsfossen. Tilrådd i mai–oktober.

  • Merke: Blått merke
  • Skotøy: Lette fjellsko, joggesko
  • Tid og lengd: 2 timar ein veg, om lag 5 km
  • Høgdeskilnad: 30–250 moh

Storagjel - Vøringfossen: 

Start ved Storagjel eller Måbø i Måbødalen, følg historiske Riksveg 7 og ulendt steinur med bru over Bjoreio. Tilrådd i juni–oktober i fint vêr.

  • Merke: Oransje merke
  • Skotøy: Fjellsko
  • Tid og lengd: 1,5 timar (tur/retur), om lag 3 km
  • Høgdeskilnad: 450–400 moh

Erdal - Freda brakje (STENGT)

OBS: Denne stien er ikkje anbefalt å gå per i dag. Deler av stien er vekke etter ekstremværet Jakob, og det er vanskeleg å ta seg fram.

Måbøberget til Fossatromme: 

Start på Måbø, gå gjennom gardstunet over Bjoreio og oppover lia i steintrapper til Måbøberget, deretter over myr og sti til Fossatromme med retur langs historiske Riksveg 7.

  • Merke: Gult merke
  • Skotøy: Fjellsko
  • Tid og lengd: 5 timar (rundtur), om lag 9 km
  • Høgdeskilnad: 250–700 moh

Hereidsvegen - Blurnes - Simadalsvegen: 

Start i sentrum opp Hereidsvegen, vidare på ulendt sti frå Hansasvingen til bustadfeltet Blurnes og langs Simadalsnevegen attende med fint utsyn mot fjorden.

  • Merke: Blått merke
  • Skotøy: Lette fjellsko, joggesko
  • Tid og lengd: 1,5 timar (rundtur), om lag 3 km
  • Høgdeskilnad: 0–100 moh

Øvrehagen og Vasshjallane: 

Start i sentrum til bustadfeltet Øvrehagen, vidare på sti i bratt og ulendt terreng til kulturlandskapet på Vasshjallane, og ned til Riksveg 7 over Lægreid.

  • Merke: Lilla merke
  • Skotøy: Lette fjellsko, joggesko
  • Tid og lengd: 2 timar (rundtur), om lag 4 km
  • Høgdeskilnad: 0–70 moh

Krevjande tur ****

Skogaset: 

Start ved Norsk Natursenter i Øvre Eidfjord, gå langs gang- og sykkelveg mot Lundarvegen og opp den bratte og ulendige lia med ur og skog til den tidlegare vårstølen Skogaset. Tilrådd i mai–oktober i fint vêr.

  • Merke: Oransje merke
  • Skotøy: Fjellsko
  • Tid og lengd: 3 timar (tur/retur), om lag 4 km
  • Høgdeskilnad: 30–550 moh

Vardbergsnuten og Hjølmaset: 

Start ved Norsk Natursenter eller parker ved Hjølmavegen. Følg Sæbøvegen til Hjølmavegen og Vekti, gå bratt i ulendt terreng og skog forbi Vardbergsnuten (511 moh) mot Hjølmaset og Hjølmaberget. Tilrådd i juni–oktober.

  • Merke: Gult merke
  • Skotøy: Fjellsko
  • Tid og lengd: 5 timar ein veg, om lag 8 km
  • Høgdeskilnad: 30–900 moh

Kjeåsen via Kjeaneset: 

Start på Sæ i Simadal ved Statkraft SF. Følg vegen til venstre mot fjorden og Kjeaneset (naustplassen til Kjeåsen), der stien snor seg bratt opp fjellsida med tauverk, stokkar og stigar som hjelpemiddel. Tilrådd i juni–oktober i fint vêr.

  • Merke: Oransje merke
  • Skotøy: Lette fjellsko
  • Tid og lengd: 2,5 timar (tur/retur), om lag 2 km
  • Høgdeskilnad: 0–550 moh

Kart

Kart over alle løypene