Kulturminneplan for Eidfjord kommune

Kulturminneplanen skal sikra at me tek vare på kulturminna i Eidfjord på ein føreseieleg og langsiktig måte. Planen hjelper kommunen i plan- og byggjesaker, og skal auka kunnskapen om kulturarven vår.

Kva inneheld kulturminneplanen?

Planen er ein temaplan som på sikt kan vedtakast som ein kommunedelplan etter plan- og bygningslova. Faste kulturminne og kulturmiljø er teikna inn i kartgrunnlaget til kommunen.

Planen er delt inn i fem delar:

  1. Innleiing: Forklarar omgrep, kvifor kulturminne er verdifulle, lover, reglar og støtteordningar.
  2. Soga og spora: Fortel historia til kommunen frå gamal til nyare tid, basert på innspel frå innbyggjarane.
  3. Utvalde kulturminne og kulturmiljø: Gjev oversikt over viktige faste kulturminne i kommunen.
  4. Handlingsprogram: Viser kva kommunen skal prioritera og arbeida vidare med framover.
  5. Kjelder og lister: Inneheld kjeldelister og fullstendige lister over kulturminna i planen.

Kva område prioriterer kommunen?

I planen er det definert fem kulturmiljø innanfor KULA-området (kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse). Tre av desse er særlege satsingsområde for kommunen:

  • Hæreid: Me arbeider kontinuerleg saman med grunneigarar og Vestland fylkeskommune for å hindra attgroing og skade på gravfeltet.
  • Vik–Lægreid: Me skal laga eigne skjøtselsplanar og søkja eksterne midlar til å restaurera steinmurane.
  • Varberg: Me skal laga eigne skjøtselsplanar og søkja eksterne midlar for å ta vare på kulturmiljøet.

Les heile kulturminneplanen

Lenkje til kulturminneplan, dokumentleser