Opplev kulturminne i Eidfjord

Eidfjord har eit stort tal freda kulturminne frå steinalderen, jernalderen og nyare tid. Her kan du lesa om spora etter tidlegare busetnad på gardane nede ved fjorden og oppe på høgfjellet.

Kvifor finst det så mange kulturminne i Eidfjord?

Sjølv om gardane i Eidfjord ikkje var dei største i landet, gjorde rike naturressursar på fjellet og viktige ferdselsvegar mellom aust og vest at det var attraktivt å bu her. Ferdsla gjekk gjennom Måbødalen, Hjølmodalen og Simadalen.

Menneske har nytta ressursane her i uminnelege tider gjennom jakt, fangst, fiske og jernvinne.

Freda gravminne ved fjorden

Nede ved sjøen på gardane Hereid, Lægreid og Vik ligg det ei mengd automatisk freda gravrøyser frå jernalderen.

Gravfeltet på Hereidsmoen er spesielt stort. Sjølv om mange graver har vorte rydda vekk opp gjennom åra, er det framleis registrert rundt 400 små og store gravminne innanfor dette området.

Spor etter jakt og jernvinne i høgfjellet

På Hardangervidda er det registrert og delvis grave ut over 200 buplassar og spor frå steinalderen. Seinare i førhistorisk tid vart utvinning av jern viktig i dei høgtliggjande fjelldalane.

I Sysendalen, på Viveli og i området ovanfor Hjølmoberget finst det ei rekkje:

  • kolgroper 
  • blestertufter 
  • slagghaugar 

Kjende fjellgardar og ferdselsvegar

Hjølmo

Langt inne i Hjølmodalen ligg garden Hjølmo, som fyrst er nemnd i skriftlege kjelder i 1533. Garden er fråflytt i dag, men det budde folk her fram til 1975, og husa står framleis.

Tidlegare gjekk den gamle kløvvegen opp fjellsida ved Hjølmo til stølsområda. Før vegen opp Måbøberget vart utbetra, gjekk også mesteparten av ferdsla frå Øvre Eidfjord opp Hjølmodalen. På 1980-talet vart det bygd bilveg frå Hjølmo til Berdøla ved munningen av Skrubbadalen.

Viveli

Viveli er den høgstliggjande garden i tidlegare Hordaland fylke, 877 meter over havet, og har fått namn etter elva Vivo. Garden ligg i ein bakke opp frå elva Veig, seks hundre meter høgare enn grannegarden Hjølmo.

Her oppe hadde folk kort veg til ressursane på Hardangervidda. Det er funne spor etter menneske frå steinalderen her, og like ved Veig er det registrert tre kolgroper frå jernvinna.

Kjeåsen

Kjeåsen ligg på ei fjellhylle på nordsida av Simadalsfjorden, omtrent 550 meter over havet. Dette er den siste fjellgarden i Eidfjord som framleis er i delvis drift med fastbuande og husdyr. Det er ikkje funne førhistoriske kulturminne på Kjeåsen.

Før bilvegen kom, måtte folk gå opp ein bratt og farleg sti i fjellsida. Dei som budde her levde hovudsakleg av jakt, fangst og fiske i fjellet. Gjennom bøker og tv-program har Kjeåsen vorte eit kjent turistmål.

Finn kulturminne i kart

Du kan utforska registrerte kulturminne i Eidfjord og resten av landet i Riksantikvaren sin nasjonale database.

Søk etter kulturminne i kart på Kulturminnesøk.no