Søk om tilskot til kulturminne
Eidfjord kommune har ikkje eigne tilskotsordningar for kulturminne, men du kan søkja om økonomisk støtte frå fleire regionale og nasjonale ordningar. Her finn du oversikt over kvar du kan søkja.
Kvar kan du søkja om støtte?
Dersom du eig eller tek vare på eit kulturminne, kan du søkja om tilskot til istandsetjing, vedlikehald og skjøtsel hjå desse aktørane:
- Kulturminnefondet – gjev støtte til private eigarar av verneverdige kulturminne og kulturmiljø.
- Riksantikvaren – har ulike tilskotsordningar for freda kulturminne og fartøy.
- Vestland fylkeskommune – forvaltar regionale tilskotsordningar for kulturarv og bygningsvern.
- Stiftinga Indre Hardanger Kulturvern – støttar lokalt kulturarbeid og kulturvern i Indre Hardanger.
Du finn også ei samla oversikt over andre støtteordningar og søknadsfristar på Vestland Fylkeskommune sine sider
Publisert 20.11.2026 12:33
Sist endra 20.11.2026 12:33