Kven kan bu i Bergsliskorane?
Tilbodet gjeld for kunstnarar som har ei tilknyting til Galleri N. Bergslien eller Eidfjord kommune, og som treng ein stad å bu under eit kortare opphald i kommunen.
Desse har fyrsterett til å bruka bustaden:
- kunstnarar som har fått kunstnarstipend
- kunstnarar som skal ha utstilling i Galleri N. Bergslien
Les meir om Galleri N. Bergslien på nettsida til galleriet
Kan eg søkja om opphald?
Me har ikkje ei fast søknadsordning for opphald, fordi bustaden som regel er fullbooka av kunstnarar med stipend eller utstilling i galleriet.
I særskilde tilfelle kan me gjera unntak. Dersom du vil spørja om ledig kapasitet og søkja om eit opphald, kan du senda ein e-post til postmottak i kommunen.
Kor ligg bustaden?
Bergsliskorane ligg ipå adressa Simadalsvegen 22, omtrent éin kilometer frå Eidfjord sentrum.
Historia til Bergsliskorane
Nils Bergslien og kona Johanna Myklatun gifta seg og flytta til Bergsliskorane. Dei fyrste åra budde dei i bygningen som seinare vart brukt som atelier. Det kvite hovudhuset vart bygd nokre år seinare.
Les meir om kunstnaren Nils Bergslien på nettsidene våre.