Føreslå kandidat til kultur- og eldsjelprisen

Kjenner du nokon som gjer ein ekstra stor innsats for kulturlivet i Eidfjord? Annakvart år deler kommunen ut kultur- og eldsjelprisen på 50 000 kroner. Fristen for å senda forslag er 1. april.

Kven kan få prisen?

Du kan føreslå enkeltpersonar, grupper eller frivillige lag som har gjort ein stor frivillig innsats for kulturlivet i Eidfjord kommune.

Prisen kan også gå til nokon som jobbar med:

  • kulturminnevern
  • kulturarv
  • kulturlandskap
  • kulturmiljø

Vinnaren får 50 000 kroner, blomar og eit diplom med grunngjevinga for tildelinga.

Slik sender du inn forslag

Du må senda forslaget skriftleg innan 1. april til postmottak@eidfjord.kommune.no. Forslaget ditt må innehalda:

  1. Namnet på personen, gruppa eller laget du føreslår.
  2. Ei grunngjeving for kvifor dei fortener prisen.
  3. Namnet og signaturen din.

Send forslag til kultur- og eldsjelprisen på e-post til postmottak

Når og korleis blir prisen delt ut?

Det er formannskapet som avgjer kven som får prisen etter ei samla vurdering. Dersom det ikkje kjem inn eigna kandidatar, kan formannskapet velja å ikkje dela ut prisen.

Sjølve utdelinga skjer i samband med 17. mai-arrangementet i kommunen.