Kven kan få stønad?
Du kan få stønad dersom tiltaket eller organisasjonen høyrer til i Eidfjord kommune og gagnar innbyggjarane her. Me prioriterer tiltak for barn og unge.
Me gjev stønad til aktivitetar innan:
- idrett og friluftsliv
- kunst og husflid
- song og musikk
- foto og dans
- andre kulturaktivitetar
Kommersielle arrangement og fag- eller interesseorganisasjonar (som tek vare på medlemene sine økonomiske, yrkesmessige eller helsemessige interesser) får ikkje stønad.
Organisasjonar frå andre kommunar får som hovudregel ikkje stønad, men me kan gjera unntak dersom laget har medlemer frå Eidfjord. Då må de grunngje søknaden ekstra godt og opplysa om de får stønad frå andre.
Kva kan du søkja stønad til?
Kulturtiltak og prosjekt
Du kan søkja om pengar til tidsavgrensa kulturarrangement, kurs, prosjekt eller for å dekkja underskot. Tiltaket må vera ope for alle og ha verdi for lokalsamfunnet.
Me legg ekstra vekt på tiltak som:
- er for barn og unge
- skaper noko nytt eller skjer i samarbeid med andre
- inkluderer medlemer med spesielle behov
- inneheld større konsertar eller teater med profesjonelle utøvarar
Du kan søkja heile året, men du må senda søknaden i god tid før arrangementet startar. Søkjer du om stønad til svært store tiltak (som festivalar), bør du søkja seinast i juli året før.
Driftsstønad til frivillige organisasjonar
Laget ditt kan få stønad til løpande driftsutgifter, nødvendig planlegging og inntil 50 prosent av dokumenterte utgifter til relevante kurs for styret og medlemene. Nystarta lag (eller lag som startar opp att etter minst tre år) kan søkja om oppstartsstønad.
Krava for å få driftsstønad er at organisasjonen:
- driv kontinuerleg i Eidfjord kommune
- har kulturaktivitet som hovudoppgåve
- har minst 5 betalande medlemer som bur i Eidfjord
- ikkje gjev pengegåver til eksterne organisasjonar eller hovudorganisasjonar
- ikkje betaler løn eller godtgjersle til styret (me kan gjera unntak for svært tyngjande styrearbeid)
Grendahus – drift og investering
Organisasjonseigde grendahus i Eidfjord kan søkja om stønad til vanleg drift og løpande vedlikehald. De kan også søkja om investeringsstønad til større eller mindre oppgraderingar, men då er det eit krav at de legg ned dugnadsarbeid i prosjektet.
Større arrangement og festivalar
Skal laget arrangera ein festival eller eit større arrangement i Eidfjord, kan de søkja om:
- økonomisk stønad
- praktisk hjelp frå kommunen
- lån eller leige av kommunale bygg, anlegg og utstyr
Dersom kommunen ikkje kan tilby tenestene de treng, kan me vurdera å gje stønad slik at de kan leiga dette frå private aktørar.
Dette må du leggja ved søknaden
Me handsamar ikkje søknader som manglar vedlegg eller som kjem inn etter fristen. Manglar det dokumentasjon, sender me søknaden i retur med 14 dagars frist til å retta opp.
Alle søknader må innehalda:
- eige underskrive brev som forklarar kva de søkjer stønad til
- underskriven årsmelding
- budsjett og planar for komande år
- rekneskap som er godkjend av revisor, eller underskriven av rekneskapsførar og éin person frå styret
Slik søkjer du
- Samla saman alle nødvendige vedlegg.
- Fyll ut og send inn det digitale søknadsskjemaet.
- Vent på skriftleg svar frå kommunen.
Søknadskjema (KNAPP)
Kva skjer vidare?
Det er formannskapet som avgjer søknaden etter forslag frå kulturavdelinga. Søkjer du om inntil 25 000 kroner til eit kulturtiltak, er det administrasjonen i kommunen som tek avgjerda. Du får skriftleg svar, og me betaler ut pengane så snart søknaden er godkjend.
Når de annonserer tiltaket, må de skriva «Støtta av Eidfjord kommune». Kommunen har rett til å kontrollera rekneskapen og drifta for å sjå at pengane blir brukte slik de har søkt om. Dersom arrangementet ikkje blir gjennomført, må de betala pengane tilbake. Gir de feil opplysningar eller bryt reglane, mistar de retten til stønad i minst eitt år.
Du kan klaga på vedtaket innan 3 veker etter at du fekk svaret. Send klagen skriftleg til Eidfjord kommune.
Treng du hjelp med søknaden?
Ta kontakt med kultur, næring og berekraft i god tid før søknadsfristen dersom du vil avtala eit møte for å få hjelp med søknaden.