Søk om tilskot til ungdomstiltak

Har du ein idé som skaper aktivitet, trivsel eller møteplassar for ungdom i Eidfjord? Du kan søkja ungdomsrådet om økonomisk støtte til tiltaket ditt.

Kva kan du få støtte til?

Du kan søkja om pengar til tiltak som kjem ungdom i Eidfjord til gode. Det kan til dømes vera:

  • arrangement og samlingar
  • konsertar og foredrag
  • felles aktivitetar
  • innkjøp av utstyr som fleire kan bruka
  • andre tiltak som skaper trivsel og møteplassar for ungdom

Kven kan søkja?

Desse kan søkja om tilskot:

  • grupper av ungdom
  • lag og frivillige organisasjonar
  • næringsverksemder
  • kommunale og andre offentlege tenester

Slik søkjer du

Du kan søkja om tilskot heile året. I søknaden må du ha med:

  1. Ei skildring av tiltaket og kva du skal bruka pengane til.
  2. Eit budsjett som viser korleis du skal bruka pengane, og korleis du skal finansiera resten av tiltaket.
  3. Namn og kontaktinformasjon til den som søkjer.
  4. Ein plan for kva som skjer dersom de ikkje får gjennomført tiltaket.

Send søknad om tilskot på e-post til postmottak

Når får du svar?

Ungdomsrådet handsamar søknaden din i det første møtet etter at me har fått han.

Kor mykje pengar kan ungdomsrådet dela ut?

Kommunen set av 100 000 kroner til ordninga kvart år. Pengar som ikkje vert brukte, går inn i eit fond til seinare tildelingar. Fondet kan vera på inntil 200 000 kroner.

Korleis blir pengane utbetalte?

Ungdomsrådet vurderer kvar enkelt søknad. Dersom du får tilskot, får du pengane på éin av desse måtane:

  • Me betaler ut pengane etter at du har sendt inn rekneskap for tiltaket.
  • Eidfjord kommune betaler fakturaene direkte for deg.