Søk om utviklingsstipend

Bur du i Eidfjord og satsar på kunst eller idrett? Du kan søkja kommunen om inntil 25 000 kroner i utviklingsstipend. Søknadsfristen er 15. oktober kvart år.

Kven kan søkja?

Du må bu i Eidfjord kommune for å søkja. I tillegg må du oppfylla eitt av desse krava:

  • Du tek ei kunstnarisk utdanning på høgskulenivå.
  • Du er mellom 16 og 25 år og har gode resultat i idretten din på nasjonalt eller internasjonalt nivå. Stipendet skal hjelpa deg å utvikla deg vidare som utøvar.

Kva legg me vekt på når du søkjer til idrett?

Når formannskapet vurderer søknader innan idrett, ser dei på:

  • idrettsprestasjonane dine
  • potensialet ditt som utøvar
  • planane dine for vidare satsing

Slik søkjer du

Du må senda ein skriftleg søknad innan 15. oktober. Søknaden må innehalda:

  1. Ei skildring av prosjektet eller satsinga di.
  2. Ei tidsramme for perioden du søkjer støtte til.
  3. Eit budsjett som viser kva pengane skal gå til.
  4. Dokumentasjon på studieplass (dersom du søkjer til kunstnarisk utdanning).

Send søknad om utviklingsstipend på e-post til postmottak