Eidfjord fritidssenter

På Eidfjord fritidssenter kan du leiga rom og uteområde til både faste aktivitetar og enkeltarrangement. Lag og foreiningar leiger lokala gratis, medan privatpersonar betaler leige.

Kva skjer på Fritidssenteret

Lenkje til faste arrangement sortert på lokasjon 

Slik bestiller du rom

Korleis du bestiller, kjem an på om du skal ha ein fast aktivitet over tid eller eit enkeltarrangement:

Fast aktivitet: Ta kontakt med førebyggingskoordinator Kari Lægreid i Eidfjord kommune dersom du ønskjer å avtala faste tidspunkt for aktivitet.

Enkeltarrangement: Ta kontakt med resepsjonen på kommunehuset eller bruk bestillingsløysinga vår på nett.

Bestill rom på Eidfjord Fritidssenter - KNAPP

Prisar for leige

Lag og foreiningar leiger lokale på Eidfjord fritidssenter gratis. Privatpersonar betaler etter gjeldande satsar i tabellen under.

Eidfjord Fritidssenter (Sæbø skule)
Eidfjord fritidsssenterSalKlasserom
Innbyggjaravtale520260
Andre1040650
Frivillige lag og organisasjonar (innabygds)kr 0,-kr 0,-
Vasketjenestexxxx

Kva rom og uteområde finst på senteret?

Eidfjord fritidssenter har mange ulike rom som passar til alt frå idrett og handverk til møte og sosiale samlingar:

  • Gymsal
  • Større klasserom
  • Handverksrom med vevar og arbeidsbord
  • Enkelt kjøken
  • Stove
  • Rom for barne- og ungdomsaktivitetar
  • Mindre, eldre kontorlokale
  • Uteområde med eldre fotballbane og basketballbane

Kvar ligg fritidssenteret?

Du finn Eidfjord fritidssenter i tidlegare Sæbø skule i Øvre Eidfjord.

Lurer du på noko om fritidssenteret?

Ta kontakt med førebyggingskoordinator Kari Lægreid for avtale om faste aktivitetar, eller resepsjonen på kommunehuset dersom du har spørsmål om leige til enkeltarrangement.