Finna veg og parkering til turar i Eidfjord

Her finn du informasjon om køyrevegar, opningstider, bompengar og parkering ved dei mest brukte utferdspunkta for turar i Eidfjord kommune.

Oversikt over utferdspunkt
UtferdspunktNår er vegen open?Bom og nøkkelParkering
TinnhølenSiste fredag før 1. juli kl. 09:00 til 1. oktoberBomveg (billettbu på Tråastølen)Ja, etter eiga parkeringsforskrift
HjølmabergetIkkje vinterbrøyta frå MylningstevitGratisJa, for bil
Kvamsdalen (Svinånni)Ikkje vinterbrøyta frå Kvammen og oppStengd bom (nøkkel til innbyggjarar på kommunehuset)Nei, ingen offentleg parkeringsplass
KjeåsenFrå rundt 1. mai (timekøyring)Gratis (smal tunnel, maks høgd 4,2 meter)Avgrensa parkeringsmuligheter

Tinnhølen

Tinnhølvegen går om lag 12 kilometer innover Hardangervidda frå riksvei 7 og er eit populært utgangspunkt for fotturar. Vegen er ein smal grusveg som ligg om lag 1200 meter over havet, så du må rekna med å bruke møteplassar for å sleppa bilar forbi.

Opningstider og vinterstenging

Vegen er open frå siste fredag før 1. juli klokka 09:00 til 1. oktober kvart år. Kommunen vinterbrøyter ikkje vegen, og all ferdsel etter 1. oktober skjer på eige ansvar.

Bompengar og årskort

Tinnhølen er ein bomveg. Du betaler i billettbua på Tråastølen før innkøyringa til Tinnhølvegen startar.

Bompengar
StadKortPrisKjøp
TinnhølvegenPr. tur450Ved billettbu før innkøyring
TinnhølvegenÅrskort utanbygds800Ved billettbu før innkøyring
TinnhølvegenÅrskort innanbygds400Må kjøpast i resepsjonen på kommunehuset

Bur du i Eidfjord kommune, kan du kjøpe årskort per køyretøy i resepsjonen på kommunehuset mellom klokka 10:00 og 14:00.

Reglar for parkering, telting og vidare køyring

Du kan parkera på Tinnhølen, men du må følgje eigne reglar for parkering og ferdsel i området. Vegen vidare frå Tinnhølen til Byen ligg inne i Hardangervidda nasjonalpark, og du må ha eige løyve for å køyra der.

Søkja om unntak frå reglane

Du kan søkja om unntak (dispensasjon) frå reglane i forskrifta dersom du har særlege grunnar til det. Retningslinjene forklarer kva som blir rekna som særlege grunnar, kva søknaden må innehalde og kvar du skal sende han.

  • Les retningslinjer for søknad om dispensasjon på Tinnhølvegen (PDF, 273 kB)

Hjølmaberget

Vegen frå Øvre Eidfjord via Hjølmo til Hjølmaberget er startpunkt for turar på vestre del av Hardangervidda – anten via Veigdalen eller mot Berastøl, Hadle og Sysendalen.

Køyretilhøve og parkering

  • Vegen er ein bratt og smal grusveg på om lag 10 kilometer som går opp til 850 meter over havet.
  • Vegen passar ikkje for køyretøy som er lengre enn 6 meter.
  • Du kan parkere bil på Hjølmaberget.
  • Vegen blir ikkje brøyta om vinteren frå Mylningstevit i Øvre Eidfjord.

Kvamsdalen (Svinånni)

Vegen frå bommen i Kvamsdalen til Svinånni og Kløve er ein privat veg som gir tilgang til heimfjellet og stølane Fivlingen, Vedal, Krokane, Busete og Erdalsstølen.

Slik låner du nøkkel til bommen

  • Grunneigarar har eigen nøkkel.
  • Innbyggjarar i Eidfjord kan låne nøkkel i resepsjonen på kommunehuset mot eit depositum på 200 kroner. Du får pengane tilbake når du leverer nøkkelen.

Parkering og vinterstenging

Det er ikkje offentleg parkeringsplass ved bommen. Vegen vert ikkje brøyta om vinteren frå Kvammen og opp.

Kjeåsen

Fjellgarden Kjeåsen ligg 600 meter over fjorden. Du kan anten køyra bil gjennom tunnelen som vart bygd under kraftutbygginga i 1974, eller gå den bratte stien opp frå Sima kraftverk.

Opningstider og timekøyring

Bilvegen opnar rundt 1. mai kvart år. Vegen startar i Simadal, om lag 8 kilometer frå Eidfjord sentrum og riksvei 7. Turen opp er 5 kilometer lang og går først 2,5 kilometer i svingete veg før du køyrer gjennom ein smal tunnel.

Viktig om køyring gjennom tunnelen til Kjeåsen

Opp til Kjeåsen: Køyring er tillate kvar heile time.

Ned frå Kjeåsen: Køyring er tillate kvar halve time.

Storleik og ferdsel: Du kan køyra med bubil gjennom tunnelen (maks høgd er 4,2 meter). Det er forbode å gå eller sykla gjennom tunnelen.

Gå stien til Kjeåsen

Dersom du vil gå til fots, kan du følgja den bratte stien opp til Kjeåsen. Stien startar ved Sima kraftverk og tek om lag 1 til 1,5 time kvar veg.

Les meir om Kjeåsen på Wikipedia