Fiska i sjø, elv og ferskvatn i Eidfjord

Skal du fiska i Eidfjord, må du kjøpa fiskekort for ferskvatn og i nokre tilfelle betala statleg fiskaravgift. Her finn du reglar for fiske, oversikt over utsalsstader for fiskekort og når fiskesesongen er open.

Fiske i sjø og vassdrag

Dersom du skal fiska etter laks, sjøaure eller sjørøye i vassdrag, eller bruka fastståande reiskap i sjøen, må du betala den statlege fiskaravgifta. Born og ungdom under 18 år treng ikkje betala fiskaravgift.

Fiske i ferskvatn og kjøp av fiskekort

For å fiska i ferskvatn og elvar må du ha løyve frå grunneigaren, vanlegvis ved å kjøpa fiskekort for området.

Gratis fiske for born under 16 år: Born under 16 år kan fiska gratis med stong og handsnøre i ferskvatn frå 1. januar til 20. august utan fiskekort. Dette gjeld ikkje fiske etter laks, sjøaure og sjørøye i elv – då må òg born ha fiskekort.

Her kjøper du fiskekort

Tabellen under viser kvar du kjøper fiskekort og kva periode fisket er ope i dei ulike områda.

EK Fiskekort
OmrådeKvar du kjøper kortFiskeperiode
Eidfjord statsallmenningInatur01.01–31.12
Eio og nedre del av EidfjordvatnetEidfjord sportsfiske01.07–15.09
Øvre del av EidfjordvatnetSæbø camping15.07–15.09
Bjoreio i SysendalenGaren camping15.07–15.09
Bjoreio nedre delInatur15.07–15.09
Simadal sameigeLiseth pensjonat og hyttetun01.07–30.09
Veig ovanfor ValurfossenHardangerfjord.com15.07–15.09
Simadalselva15.06–15.09

Lurer du på noko om innlandsfiske i kommunen?

Eidfjord vilt- og innlandsfiskenemnd er ei politisk oppnemnd nemnd som arbeider med forvalting av vilt og innlandsfisk i kommunen.

Fiske på satsalmenningen

Eidfjord fjellstyre forvaltar fisket på statsalmenningen. Fiskekort kan kjøpast på inatur.no.
Les meir om fiske med garn, handsnøre, stang og oter på Eidfjord Fjellstyre sine sider