Bestandsmål for hjortevilt

Bestandsmåla viser korleis Eidfjord kommune ønskjer at bestanden av elg, hjort og rådyr skal utvikla seg. Jaktlag og bestandsplanområde skal bruka desse måla når dei søkjer om godkjenning av bestandsplanar.

Kva er bestandsmåla for hjortevilt?

Eidfjord kommunestyre vedtok bestandsmål for elg, hjort og rådyr 13. mars 2023. Lova krev at alle kommunar som har opna for jakt på hjortevilt, har slike mål for bestandsutviklinga.

Måla tek mellom anna omsyn til:

  • beitegrunnlag og bestandsutvikling
  • skadar på naturmangfald, jordbruk og skogbruk
  • omfanget av viltulykker på veg og bane

Sidan rådyrjakta var ny då måla blei vedtekne, legg planen opp til å følgja med på og kartleggja rådyrbestanden i Eidfjord framover.

Korleis bruker du bestandsmåla?

Når eit bestandsplanområde søkjer kommunen om godkjenning av bestandsplanar for elg, hjort eller rådyr, skal søknaden byggja på måla i dette dokumentet.

Dokumentet gir ei oversikt over korleis situasjonen er for dei ulike artane lokalt og nasjonalt, og set mål for både helsa til dyra, samansetninga av bestanden og arealbruk i kommunen.

Bestandsmål for hjortevilt Eidfjord kommune (PDF, 2 MB) - sett inn dokumetleser

Lurer du på noko om bestandsmåla?

Ta kontakt med Eidfjord kommune dersom du har spørsmål om bestandsmåla eller korleis du søkjer om godkjenning av bestandsplan.

Sjå opningstider og kontaktinformasjon for Eidfjord kommune