Følg planar og reglar for Hardangervidda

Det pågår fleire planarbeid og lovendringar for Hardangervidda. Her får du oversikt over kva planane handlar om, og korleis dei kan påverke ferdsel og bruk av fjellet.

Tiltaksplan for Hardangervidda villreinområde

Regjeringa har vedteke ein tiltaksplan som skal sikre ein levedyktig villreinbestand. Planen samlar tiltak både innanfor og utanfor nasjonalparken, og byggjer på faglege råd og innspel frå kommunar, grunneigarar og opne folkemøte.

Tiltaka kan mellom anna føre til:

  • stenging av stiar og hytter
  • endringar i forvaltningsplanen og verneforskrifta
  • forbod mot eller strengare reglar for enkelte måtar å ferdast på

Tiltaksplanen er ikkje juridisk bindande, men skal samordne arbeidet mellom stat, fylkeskommune, kommune, grunneigarar og frivillige organisasjonar.

Viktige hendingar i arbeidet med tiltaksplanen

  • September 2024: Lukka og ope møte på Geilo med Klima- og miljødepartementet om foreslåtte tiltak.
  • September 2024: Frist for å sende tilbakemelding etter møtet på Geilo.
  • Oktober 2024: Oppfølgjande dialogmøte med kommunane om enkelte tiltak.
  • Juli 2025: Klima- og miljødepartementet sende forslag til tiltaksplan ut på høyring.
  • Oktober 2025: Ope møte på Raulandsakademiet i Rauland.
  • Juli 2026: Regjeringa publiserte den vedtekne tiltaksplanen for Hardangervidda villreinområde.

Felles sti- og løypeplan for Hardangervidda

Hardangerviddarådet har vedteke ein felles sti- og løypeplan for heile vidda. Målet er å redusere negative følgjer av menneskeleg ferdsel, slik at villreinen får bruke sommar-, vinter- og kalvingsområda sine og kan trekke fritt mellom dei. Samtidig skal planen leggje til rette for friluftsliv og reiseliv der det er forsvarleg for villreinen.

Kommunar, fylkeskommunar, statsforvaltarar og villreinnemnda samarbeider om planen. Den vedtekne planen vart levert som innspel til staten sin tiltaksplan 16. april 2026, og skal også brukast i kommunale planprosessar og i arbeidet med ny forvaltningsplan.

Viktige hendingar i arbeidet med sti- og løypeplanen

  • Haust 2021 – vår 2022: Oppstart og innspelsperiode.
  • Vår 2022 – haust 2023: Kartlegging av Hardangervidda og arbeid med innspel.
  • Haust 2023 – haust 2024: Vurdering og analyse av tiltak.
  • Mai 2025: Hardangerviddarådet vedtok forslag til sti- og løypeplan.
  • Juni 2025: Forslaget vart sendt på høyring med høyringsfrist 15. oktober 2025.
  • September 2025: Gjennomført dialogmøte om forslaget.
  • April 2026: Hardangerviddarådet vedtok felles sti- og løypeplan for Hardangervidda.

Les vedteken sti og løypeplan for Hardangervidda på Buskerud fylkeskommune sine sider

Revisjon av forvaltningsplanen for verneområda

Statsforvaltarane leier arbeidet med å lage ein ny forvaltningsplan for verneområda på Hardangervidda. Det er oppretta eige sekretariat, styringsgruppe og prosjektgruppe som er i gang med arbeidet.

Viktige hendingar i arbeidet med forvaltningsplanen

  • September 2025: Ope møte om oppstart av arbeidet med ny forvaltningsplan.
  • Oktober 2025: Frist for å sende inn innspel før oppstart.
  • Oktober 2025: Statsforvaltaren orienterte kommunestyret, og kommunestyret handsama kommunen si innstilling til oppstart.

Les gjeldande forvaltingsplan for Hardangervidda på Statsforvaltaren sine sider

Ny motorferdsellov

Stortinget har vedteke ei ny motorferdsellov som skal regulere motorferdsel i heile landet. Lova er kunngjort på Lovdata, men det er enno ikkje kunngjort når ho tek til å gjelde.

Endringane i den nye lova vil berre påverke ferdsel inne i verneområda dersom den nye lova er strengare enn verneforskrifta. Reglar om å avgrense køyring i nasjonalparken til bestemte tidsrom (til dømes at all skutertransport må skje før 1. april) kjem frå tiltaksplanen for villrein, og ikkje frå den nye motorferdsellova.

Les den nye motorferdsellova på Lovdata