Kva går treninga ut på?
Du trener både i apparat og med funksjonelle øvingar. Instruktør Anita Sæbø Myklatun følgjer opp kvar enkelt deltakar gjennom heile økta, slik at øvingane blir tilpassa ditt nivå.
Når du deltek på Seniorkraft 55+, får du:
- sterkare kropp
- trygg og tilpassa trening
- tett oppfølging frå instruktør
- eit sosialt og triveleg treningsmiljø
Tid, stad og plassar
Tilbodet blir arrangert årleg med inntil 12 deltakarar per treningsøkt.
- Stad: Eidfjord treningssenter
- Tal på plassar: Maks 12 deltakarar per time
Slik melder du deg på
Seniorkraft 55+ blir lyst ut ein gong i året med eigne datoar og påmeldingsinformasjon.
Når tilbodet er opent for påmelding, finn du informasjon om oppstart, treningsdatoar og korleis du melder deg på i utlysinga på nettsidene våre eller i aktivitetskalenderen.
Lurer du på noko om Seniorkraft 55+?
Ta kontakt med førebyggingskoordinator Kari Lægreid i Eidfjord kommune dersom du har spørsmål om tilbodet eller neste utlysing.