Reglar for bandtvang og hundehald i Eidfjord

Det er generell bandtvang i heile landet frå 1. april til og med 20. august. I Eidfjord finst det òg eigne lokale reglar for bandtvang, i tillegg til ein eigen hundepark der hunden din kan springa laus.


Når må hunden vera i band?

I perioden 1. april til 20. august må du alltid halda hunden i band eller forsvarleg inngjerda. Du som held hunden i band må vera i stand til å ha full kontroll over han, eller ha med deg nokon som har det.

Utanom perioden med bandtvang kan hunden vera laus berre dersom du følgjer med og har god kontroll på han. Lova krev at du som hundeeigar alltid har kontroll på hunden din.

Eidfjord kommune har ei eiga forskrift om hundehald som har særskilde lokale reglar for bandtvang.

Les lokal forskrift om hundehald i Eidfjord kommune på Lovdata

Kvar kan hunden springa laus i Eidfjord?

I Eidfjord har me ein eigen hundepark der du kan sleppa hunden laus heile året.

Du finn hundeparken ved gamlanaustet på venstre side av vegen når du køyrer ut av Eidfjord sentrum – midt i svingen i enden av den lange strekka på RV7 mot Hardangerbrua.

Reglar for deg som har hund

Når du er ute med hund i Eidfjord, må du følgja desse reglane:

  • Ikkje bind hunden ved inngangar: Du har ikkje lov til å gå frå hunden bunden rett ved inngangen til butikkar eller andre bygningar som er opne for folk flest. Dette gjeld òg på leikeplassar.
  • Plukk opp etter hunden: Du skal alltid kasta hundeposar i ein søppeldunk, og aldri leggja dei att i naturen. I Eidfjord er det sett opp dispensarar med hundeposar på alle dei vanlege turløypene i sentrum.

Kva gjer du dersom du finn ein laus hund?

Dersom du finn ein hund utan eigar, skal du gjera dette:

Vent litt i tettbygde strøk: Dersom du er i eit tettbygd område, kan du gjerne sjå det an ei lita stund. Ofte melder eigaren seg raskt.

Ring politiet: Dukkar ikkje eigaren opp, må du varsla politiet på telefon 02800.

Hunden blir henta: Politiet kontaktar ein redningsbil som køyrer hunden til ein kennel. Eigaren av hunden må betala for både utrykkinga og opphaldet på kennelen.

Ser du ein hund som jagar dyr?

Dersom du ser ein hund som jagar eller angrip husdyr, rådyr eller andre dyr, må du prøva å få kontroll på hunden og ringja politiet på telefon 02800 med ein gong.

Dersom ein laus hund har skada husdyr, blir dette handtert som ei eiga sak i tillegg til innfanginga.