Kven kan leiga hytta, og kva kostar det?
Hytta er gratis å leiga for deg som bur i Eidfjord kommune. Du kan leiga ho heile året.
Slik leiger du hytta
Du kan leiga hytta ved å senda søknad til postmottak. Hytta er låst. Når du har avtalt leiga, hentar du nøkkelen i resepsjonen på kommunehuset.
Kva utstyr finst på hytta?
Sandvad er ei trehytte på 72 kvadratmeter med tre soverom og til saman åtte sengeplassar.
Dette finn du på hytta:
- Oppvarming med vedomn
- Straum frå solcelleanlegg
- Kokemoglegheiter på gass
- Kjøkenutstyr som kjelar, koppar, fat og bestikk
- Snurredass, utedo
Kva må du ta med sjølv?
- Du må ta med eigen sovepose.
- Det er ikkje innlagt vatn, men du kan henta vatn i bekken eller elva rett ved hytta.
Kan du ta med hund?
Ja, det er lov å ha med hund, men hunden må opphalda seg i gangen eller på lageret.
Kvar ligg hytta?
Sandvad ligg i Veigdalen, på motsett side av dalen for Hedlo turisthytte.
Sjå lokalisering av hytta i kart
Lurer du på noko om utleige av hytta?
Ta kontakt med resepsjonen på kommunehuset dersom du vil reservera hytta eller har spørsmål om opphaldet.
Fleire hytter på Hardangervidda
Eidfjord fjellstyre leiger òg ut fleire hytter på Hardangervidda. Du finn oversikt over hyttene og korleis du bestiller på nettsidene deira.
Sjå oversikt over fjellstyrehytter hos Eidfjord fjellstyre