Kva kan du få løyve til?
Lova seier at du kan køyra utan å søkja dersom det gjeld offentleg godkjende nytteformål, som redningsteneste, fast bustad eller utmarksnæring. Skal du køyra til andre formål, må du ha løyve på førehand.
Du får aldri løyve til rein rekreasjons- eller turkøyring i Eidfjord kommune.
Køyra på vinterføre (snøskuter)
Vintersesongen varer frå 1. desember til og med første søndag etter 1. mai. Du kan få løyve for inntil fire år om gongen innanfor valperioden (2023–2027).
Du kan søkja om løyve til å frakta:
- utstyr og bagasje til eiga eller leigd hytte som ligg meir enn 2 kilometer frå brøyta veg (gjeld òg hytte som foreldra eller borna dine eig eller leiger)
- ved frå skogen til andre stader enn din eigen faste bustad (du må leggja ved avtale med skogeigar)
- utstyr og varer til utmarksnæring og turistanlegg utan brøyta veg
- personell og utstyr til større idrettsarrangement eller drift av utleigehytter i fjellet
Er du varig ufør eller eldre med særleg tilknyting til ei privat hytte, kan du søkja om transport. Då må køyringa utførast av nokon som har ervervsløyve eller anna godkjent løyve. Pleie- og omsorgsinstitusjonar, pensjonistforeiningar og lag for rørslehemma kan òg søkja om gruppeturar langs ei fast rute.
Viktige reglar når du køyrer på vinterføre
- Bruk leigekøyring (ervervsløyve) der det er mogleg.
- Følg dei godkjende skuterløypene, og køyr kortaste forsvarlege veg frå løypa til hytta.
- Ta kontakt med grunneigar før du køyrer utanom det faste løypenettet.
- Ha alltid med deg løyvet og vis det fram ved kontroll.
- Bruk hjelm, og køyr aldri mellom klokka 23.00 og 07.00 i regulerte hyttefelt.
Ofte stilte spørsmål om vinterkøyring
Løypene er ikkje opne for allmenn ferdsel, men kan brukast når du har løyve. Sjå kart for din trase:
Oversiktskart – Motorferdsel på Hardangervidda A0 (PDF, 29 MB)
- 1 – Kvamsdalen til Fivlingen (PDF, 2 MB)
- 1A – Kvamsdalen til Erdalsstølen (PDF, 2 MB)
- 1B – Kvamsdalen til Krokane og Hæreidsvedal (PDF, 2 MB)
- 2 – Fet til Hallet (PDF, 2 MB)
- 2A – Fet til Krokane (PDF, 3 MB)
- 2B – Hæreidsvedal til Ullensvang grense (PDF, 891 kB)
- 3 – Myldningstveit til Viveli (PDF, 2 MB)
- 4 – Stakseng til Isdalen og Kleivane (PDF, 2 MB)
- 5 – Leiro til grensa for Hardangervidda nasjonalpark (Drøllstølen) (PDF, 874 kB)
- 6 – Krossdalen til Kjeldebu (PDF, 2 MB)
- 7 – Våkavadet til grensa for Hardangervidda nasjonalpark (PDF, 2 MB)
- 7A – Dyranut til grensa for Hardangervidda nasjonalpark (Olavsdalen) (PDF, 2 MB)
- 7B – Våkavadet til Stigstuv (PDF, 3 MB)
- 8 – Dyranut til grensa for Hardangervidda nasjonalpark (Tinnhølen) (PDF, 2 MB)
- 8A – Dyranut til grensa for Hardangervidda nasjonalpark (Stigstuv) (PDF, 2 MB)
- Du må bu i Eidfjord kommune for å få ervervsløyve. Kommunen deler ut inntil 15 A-løyve og 5 B-løyve.
- Køyretøyet må vera registrert på verksemda di, og eventuelle andre sjåførar må registrerast på løyvet på førehand.
- Du må føra køyrebok fastsett av kommunen og levera henne inn innan 15. mai.
- Meld frå til kommunen dersom vilkåra for løyvet endrar seg. Brot på reglane kan føra til at me dreg inn løyvet.
Køyra eller fly på barmark
Søknadsfristen for sommarsesongen er 15. juni kvart år. Transport på barmark bør skje mellom 15. juli og 30. november, og du må samordna transporten med andre i området der det er mogleg.
Du kan søkja om løyve dersom du eig eller har skriftleg leigeavtale på jaktbu, fiskebu, turisthytte eller stølshus, eller har bruksrett i statsallmenninga (storviltjakt, garnfiske, beitebruk).
Vel framkomstmiddel for å sjå reglane
- Transporten må utførast av eit godkjent luftfartsselskap, og bør skje etter 15. juni av omsyn til yngle- og hekketida.
- Du kan få løyve til å frakta felt storvilt, fiskefangst (minst 50 garndøgn), fiskekultivering, eldre eller uføre med lang tilknyting til området, eller material og proviant som ikkje kan køyrast på vinterføre.
- Du kan landa og letta på Bismarvatnet, Dimmedalsvatnet, Halnevatnet (ved Halnebrygga) og Nordmannslågen (ved Besso), og inntil 100 meter frå desse vatna.
- Skal du landa andre stader i utmark, som på rampa på Kløve (øvst i Kvamsdalsvegen) eller ved vegenden på Hjølmoberget, må du søkja særskilt om dette og leggja ved løyve frå grunneigar.
- Bruker helikopteret lasteline (longline) utan å landa, treng du ikkje søkja om løyve. Ved henting av partert vilt må du sjølv bera kjøtet i storsekk fram til henteplassen.
- Du kan få løyve til å køyra traktor langs godkjende løyper eller ei konkret skildra rute når det ikkje finst andre reelle transportmåtar.
- Løyvet gjeld frakt av utstyr, material, varer og utbytte frå garnfiske og storviltjakt.
- Du kan få løyve til påhengsmotor på inntil 10 hestekrefter på vatn som er mindre enn 2 km².
- Løyvet gjeld berre i lovleg jakt- og fisketid, og krev at du fiskar med minst 50 garndøgn eller driv storviltjakt.
Slik søkjer du
Kor du skal senda søknaden, kjem an på kvar du skal ferdast:
- Utanfor Hardangervidda nasjonalpark: Søk digitalt til Eidfjord kommune.
- Innanfor Hardangervidda nasjonalpark: Søk til Tilsynsutvalet for Hardangervidda (sekretariatet ligg i Ullensvang kommune).
- Traktorslepa Fossane – Høgahæ – Låghellerbotnen: Søk til Eidfjord fjellstyre (gjeld villreinjakta).
Søk om motorferdsel utanfor nasjonalparken - KNAPP
Lover, forskrifter og rettleiarar