Kven kan få følgjekort?
Du kan få følgjekort dersom du har ei varig fysisk eller psykisk funksjonshemming, og treng hjelp frå ein annan person til dei fleste gjeremål i kvardagen for å delta i samfunnet.
Det spelar inga rolle kor mykje du tener, eller om du får trygd. Kortet gjeld òg i andre kommunar som brukar ordninga.
Kvar kan du bruka kortet?
Du kan bruka følgjekortet hos arrangørar og verksemder som godkjenner ordninga, til dømes på:
- offentlege kultur- og fritidsarrangement
- offentlege transportmiddel (buss, tog, ferje)
- hotellopphald
- arrangement i frivillige lag og organisasjonar
Ta kontakt direkte med arrangøren eller verksemda på førehand dersom du er usikker på om dei godtek følgjekort.
Kven kan vera følgjeperson?
Du vel sjølv kven du vil ha med deg frå gong til gong. Det kan til dømes vera ein ven, eit familiemedlem eller ein støttekontakt. Følgjepersonen må ha fylt 18 år.
Dersom du har behov for fleire enn éin følgjeperson, må ein sakkunnig dokumentera dette på eit eige skjema (vedlegg til søknadsskjemaet). Dersom du får dette innvilga, vil det stå på følgjekortet ditt.
Slik søkjer du
- Skaff vedlegg: Du må leggja ved ei legeerklæring og eit nytt bilde i passfotoformat. (Treng du fleire følgjepersonar, må du òg leggja ved skjema frå sakkunnig.)
- Skriv under: Du som søkjer må skriva under sjølv. Dersom du søkjer på vegner av nokon andre, må du ha fullmakt. For barn under 18 år må føresette skriva under.
- Send inn søknaden: Fyll ut og send inn det digitale søknadsskjemaet vårt.
Søk om følgjekort - KNAPP