Søkja om TT-kort (tilrettelagd transport)

Du kan få TT-kort dersom du har ei funksjonshemming eller ein sjukdom som gjer at du ikkje kan bruka vanleg buss, tog eller ferje. Det er fylkeskommunen som gir tilbodet og behandlar søknaden din.

Kven kan få TT-kort?

Du kan søkja om TT-kort dersom du oppfyller alle desse krava:

  • Du er over 10 år.
  • Du bur i tidlegare Hordaland (Vestland fylke).
  • Du har ein sjukdom eller ei funksjonshemming som truleg vil vara i minst eitt år.
  • Du kan ikkje bruka vanleg rutetransport.

Slik søkjer du

Du søkjer om TT-kort gjennom nettsidene til fylkeskommunen. For at søknaden din skal verta behandla, må du gjera følgjande:

  1. Fyll ut eigenerklæring: Du fyller ut dette skjemaet sjølv.
  2. Skaff legeerklæring: Legen din må fylla ut ei legeerklæring for deg.
  3. Send inn søknaden: Send begge skjemaene samla til: Hordaland fylkeskommune, Samferdselsavdelinga, Postboks 7900, 5020 Bergen.

Søk om TT-kort på fylkeskommunen si nettside

Kva skjer vidare?

Når fylkeskommunen har fått både eigenerklæringa og legeerklæringa di, behandlar samferdselsavdelinga søknaden din fortløpande.