Leiga brudebunad eller lån jonsokbunad

Skal du gifta deg, eller har du ansvar for jonsokfeiringa i Eidfjord? Kommunen leiger ut brud- og brudgombunad til bryllaup, og låner ut jonsokbunader gratis til jonsokfeiringa.

Kven kan leiga brud- og brudgombunad?

Du kan berre leiga brudebunad, brudgombunad eller krune i samband med bryllaup. I tillegg må du ha tilknytning til Eidfjord kommune. Det vil seia at du anten:

  • bur i Eidfjord
  • er oppvaksen i Eidfjord
  • har foreldre eller besteforeldre som bur i Eidfjord

Kva kostar det å leiga?

Prisen for å leiga brud- og brudgombunad blir justert i samband med kommunebudsjettet kvart år.

Utleige bunad
UtleigeobjektPris
Brudebunad med krune6000,-
Brudgombunad4000,-
Kun krune2500,-

Kven kan låna jonsokbunad?

Jonsokbunadene blir berre lånte ut til den årlege jonsokfeiringa i Eidfjord, som 1. klasse ved Lægreid skule har ansvaret for. Det er gratis å låna jonsokbunadene. Du kan avtala lån av jonsokbunad ved å ta kontakt med resepsjonen på kommunehuset.

Slik søkjer du om å leiga brudebunad

Du må senda ein skriftleg søknad til postmottak i kommunen. Hugs å ta kontakt i god tid før bryllaupet, slik at det blir tid til å tilpassa bunaden.

I søknaden om brud- eller brudgombunad må du ha med:

  • Tidspunktet for når du ønskjer å leiga bunaden.
  • Korleis du har tilknytning til Eidfjord.

Send søknad om å leiga bunad på e-post til postmottak

Tilpassing og bruk av bunadene

Når du har inngått leigeavtale om brud- eller brudgombunad, må du sjølv kontakta Bunad Søm Eidfjord ved Barbara Willersrud for tilpassing.

  • Me gjer berre mindre tilpassingar, og bunaden kan ikkje syast om med store avvik frå originalmåla.
  • Jonsokbunadene kan ikkje justerast eller tilpassast.
  • Du må behandla bunadene forsiktig, og du må levera dei tilbake straks etter bruk.
Brud og brudgom i bunadar med alt utstyret som høyrer til - Klikk for stort bilete
Brud med ryggen til, detaljar frå krune og band - Klikk for stort bilete
To born i jonsokbunad - Klikk for stort bilete