Leiga kommunale bygg, lokale og utstyr

Du kan leiga kulturbygg, idrettshall, møterom og utstyr av Eidfjord kommune til møte, selskap, trening og arrangement. Du må bestilla seinast 14 dagar før du skal bruka lokalet.

Slik bestiller du og hentar nøklar

  • Bestill lokale eller utstyr i bookingskjemaet på nettsida seinast 14 dagar før utleigedatoen, slik at me rekk å ordna med reinhald og tilpassa annan drift. Treng du hjelp med bestillinga, kan du kontakta resepsjonen på kommunehuset.
  • Hent nøklar til bygget i resepsjonen på kommunehuset på kvardagar mellom kl. 10.00 og 14.00. (Nøkkel til utstyrsgarasjen hentar du på kvardagar mellom kl. 09.00 og 15.00.)
  • Du kan ikkje ta i bruk lokalet før datoen som står i utleigeavtalen.
  • Skal du servera alkohol på arrangementet? Sjekk om arrangementet ditt krev skjenkeløyve.

Gå til bookingskjema for utleige av kommunale bygg KNAPP

Kva bygg kan du leiga?

Låna bord og stolar til arrangement

Du kan leiga ekstra møblar gjennom resepsjonen på kommunehuset:

  • 160 stolar (brune og beige)
  • 6 festivalbenkar og 3 bord
  • 13 klaffebord
  • 3 trebord med faste bein

Utstyret står i ein eigen garasje ved Bygdaheimen. Du hentar nøkkel i resepsjonen på kommunehuset på kvardagar mellom kl. 09.00 og 15.00 etter avtale.

Reglar for leigetakarar og rydding etter bruk

Når du leiger kommunale bygg, må du setja deg inn i reglane for lokalet og følgja desse krava:

  • Røykeforbod: Det er forbode å røyka i alle kommunale bygg. Snus og sigarettsneipar skal plukkast opp frå uteområdet.
  • Rydding og reinhald: Du må levera bygget tilbake i god stand. Vask og rydd alle bord og benkar, set møblane på plass, vask opp og rydd inn i skåpa, sorter og fjern boss og matavfall, og lukk og lås alle vindauge og dører. Set alt reinhaldsutstyr tilbake på plass.
  • Sjekkliste etter bruk: Du må fylla ut og senda inn digital sjekkliste etter leige av kulturbygg.
  • Erstatning og ekstra gebyr: Du må dekka skadar på bygg, inventar eller utstyr etter ny pris, samt manglande reinhaldsutstyr og andre ekstraordinære utgifter. Dersom bygget ikkje er rydda og vaska godt nok, må du betala ekstra for reinhald eller tilsyn: 
    • 300 kroner per time på kvardagar (måndag–fredag) 
    • 500 kroner per time i helga (laurdag–sundag)
    • I tilegg kjem meirverdiavgift (minimum 2 timar ved utkalling utanom vanleg arbeidstid). Du får beskjed før me sender faktura.


Fyll ut digital sjekkliste etter leige av kulturbygg KNAPP