Bruk av fjellstyrehyttene i sommar

Fristen for å leiga fjellstyrehyttene i sommar er 1. juni.

Søknad

  • Send søknad til fjellstyre@eidfjord.kommune.no
  • Etter søknadsfristen er det «fyrstemann til mølla» for å leiga hyttene
  • All bruk av hyttene skal varslast til Eidfjord kommune i ekspedisjonen før bruk

Hyttene

  • For fjellstyrehyttene sør for Rv 7 gjeld sommarsesongen frå 1. juni til 7. august
    Reinsjakta startar 10. august sør for Rv 7, då kan ikkje hyttene leigast (reserverast)
  • Fjellstyrehytta nord for Rv 7 gjeld somarsesongen frå 1. juni til 17. august.
  • Dei ulike hyttene kan du lesa om på fjellstyret sine sider

Utanbygds søkjarar

Utanbygds søkjarar kan ikkje søkja på fjellstyrehyttene på Gamla Sandhaug og Tinnhølen i opningstida for Sandhaug turisthytte og Trondsbu turisthytte. For Stigstuv er det eigen avtale med Stigstuv turisthytte.

Smittevern

Minnar elles om reglar for bruk i forhold til korona.

Koronatiltak fjellstyrehyttene