Eidfjord Kommune

Bruksrett til Eidfjord statsallmenning for innbyggjarar på Ytre Bu

Bruksrett til Eidfjord statsallmenning for innbyggjarar på Ytre Bu

Høyring på bruksrett knytt til nye innbyggjarar ved ei grensejustering på Ytre Bu.
 

Bruksrett til Eidfjord statsallmenning for nye innbyggjarar

Grenda Ytre Bu vert del av Eidfjord kommune frå 01.01.2022.Ordførar i Eidfjord bed om fjellstyret sitt syn på grenda sine rettar i Eidfjord statsallmenning som innbyggjar i Eidfjord.

Uttale

Før fjellstyret tek denne saka opp til handsaming vert det med dette gjeve høve til uttale. Fjellstyret bed at uttale vert sendt innan 1. desember 2020. Bruk gjerne fjellstyre@eidfjord.kommune.no

Innleiing

Litt innleiing historisk grunnlag for statsallmenning, fjellstyret sine oppgåver og kva allmenningsretten består i.

«Allmenningsretten har dype historiske røtter, og regler om allmenningsbruk finnes i våre første nedskrevne lover. Sammen med odelsretten regnes allmenningsretten som et av våre eldste kjente rettsinstitutt. Grunnlaget for allmenningene var de store områdene med skog og utmark som ikke ble benyttet eksklusivt av gårdbrukere i bygda, men som ble brukt i fellesskap, alt etter behov.

Bruksrettene skal kunne nyttes på en måte som til enhver tid er i samsvar med rasjonell bruk, og som er naturlig etter «tida og tilhøva». Det er bruken gjennom lang tid som er grunnlaget for rettigheter i statsallmenningene.

Fjellstyret er tillagt administrasjonen av bruksrettene og lunnende (herligheter) i statsallmenningene, så lenge ikke annet er fastsatt i eller i medhold av lov. I hovedtrekk omfatter dette jordbrukstilknyttede bruksretter som seter og beite, samt jakt, fangst og fiske.

Retten til å få utvist seter i statsallmenningene er en del av allmenningsretten, og gårdbruker med beiterett kan få utvist seter dersom han kan dokumentere et behov. Bestemmelsen om tilleggsjord er tilsvarende.»

Bruksrettar

Bruksrettar er rettar knytt til gardsbruk og omfattar jordbruksrett i tillegg til rettar til jakt og fiske. Rett knytt til jordbrukseigedom kan berre utnyttast så langt det skjer i tilknyting til drift av eigedomen som jordbruk. Andre faste innbyggjarar, som ikkje har gardsbruk, har rett til jakt og fiske. Dette er hovudreglane for rettar innbyggjarar i Eidfjord har i Eidfjord statsallmenning.

Ytre Bu

På Ytre Bu er det i dag 4 gardsbruk i tillegg til fastbuande dette spørsmålet gjeld for. Grenda Ytre Bu er ein del av Ullensvang kommune og har allmenningsrettar i Ullensvang statsallmenning. Grenda har ikkje rettar som innanbygdsbuande i Eidfjord statsallmenning i dag.

Eidfjord fjellstyre