Eidfjord fjellstyre utvider ikkje jakttida for villreinFjellstyret har vedteke å ikkje følgja ynskje frå sentrale mynde om utvida jakt på villrein. Nærare grunngjeving følgjer av høyringssvaret. Dette betyr at jakta på Eidfjord statsallmenning er slutt 27.09. Minnar om plikta til å levera inn brukte og ubrukte fellingsløyve til fjellstyret. Uttale til høyring på utvida jakttid på villrein Eidfjord fjellstyre er imot å utvida jakttida på villrein på Hardangervidda i haust. Fjellstyret har gjort ei sjølvstendig vurdering og er i hovudsak samd med Villreinutvalet sin konklusjon og vil spesielt peike på følgjande punkt; Fjellstyret meinar det er betre å redusera stamma enn å ta ut meir bukk. Å gjennomføra ein reduksjon i stamma i form av utvida jakt er uheldig for brunsten og moglegheit til å ha ein god kontroll av stammesamansetting med strukturteljing. Samstundes er det bukken som tel for å dokumentera status for cwd,ta og bukkejakt no er ikkje akseptabelt og vil ikkje få tilslutning. Reduksjon av stamma må gjennomførast ved ordinær jakt og med grunnlag i gode bestandstal. Det virkar som MDR og Mattilsynet ynskjer ein rask reduksjon av villreinstamma på Hardangervidda grunna å få inn flest mogleg cwd-prøvar og reduksjon av stamma for å minka smittefare. Korkje Veterinærinstituttet eller Mattilsynet har konkretisert og talfesta kor mange dyr / type dyr det eventuelt kan vera på Hardangervidda framover. Erfaringane med tidlegare års utvida jakt er at det gjev ein marginal effekt på uttaket. Seinhaustes er ver- og transportforhold utfordrande i høgfjellet. Samstundes er årets jakt og tilrettelegging for jegerar utfordrande pga koronasituasjonen. Dette er forhold som òg vil vera med å redusera jegerinnsatsen. Publisert22.09.2020 15.02 Sist endra22.09.2020 15.15