Tiltak
Torsdag 10 september vart det påvist ei positiv skrantesjukeprøve på ein vaksen bukk felt i Vinje kommune på Hardangervidda. Mattilsynet har etter dette gått ut og oppfordra sterkt til å få teke flest mogeleg prøvar under ordinær jakt på Hardangervidda.
Det blir spesielt peika på viktigheita av å få inn lymfeprøvar frå alle felte dyr i tillegg til hjerneprøvar. Dette er bakgrunn for at fjellstyra ser behov for ekstraordinære tiltak omgåande.
Godtgjering
Fjellstyra på Hardangervidda har gått ut med informasjon om godtgjering til den statsallmenningsjegaren som måtte fella eit dyr med positiv prøve. Dette for å kompensera for ulemper det medfører å fella eit slikt dyr. I tillegg har det kome opp forslag frå fleire hald om å gjera det lettare for jegerar å jakta på tvers av grenser.
Opna grenser
Å opna grenser mellom private og statsallmenningar er ikkje lett å få til, men statsallmenningane kan relativt enkelt opna sine grenser for å gjera det lettare å jakta i grenseområde.
Erfaringsmessig så reiser ikkje jegerar langt vekk frå sine eigne jaktområde, men ein kan forventa noko effekt i grenseområde der ein kan gå inn på naboallmenning for å jakta.
Auka felling
I den situasjonen ein er inne i vil det vera viktig å visa vilje til å koma med tiltak for auka felling. Om ein får det store utbyttet av tiltaka er meir uvisst, men ein har i alle fall vist vilje til å ta dei grepa som er mogelege på kort sikt.
Tiltak
Sakshandsamar vil føreslå fylgjande tiltak som vil omfatta Ullensvang, Røldal, Eidfjord og Øvre Numedal:
- Alle som har utskrive jaktkort frå fjellstyret i ein av dei fire Statsallmenningane nemnd over kan nytte desse fritt på heile arealet til dei fire Statsallmenningane.
- Alle som har kort på ein av dei fire Statsallmenningane nemnd over får fullmakt av det aktuelle fjellstyret til å overføre kortet/korta sine til andre med kort frå det same fjellstyret. Dette kan gjerast uavhengig av tidlegare inngåtte jaktlagsavtalar.
- Alle fredningssonar opphevast ut jakta 2020.
Dersom dette skal fungera er det viktig at vedtaka vert gjort så enkle som råd og at dei er mogeleg å gjennomføra.