Eidfjord Kommune

Informasjon om helikopterutfrakt av elg og hjort hausten 2021

Informasjon om helikopterutfrakt av elg og hjort hausten 2021

Miljødirektoratet v/Statens naturoppsyn har for perioden 15.08.2021 – 31.10.2021 avsett midlar for å kunna tilby jegarar uttransport av felte hjort og elg i høve jakt hausten 2021.

For kven og kvifor

Tilbodet gjelder områder som grensar inn mot villreinområdet definert som Nordfjella. Det vil sei: Ulvik, Aurland, Lærdal, Hemsedal, Gol, Ål, Hol samt at Årdal og Eidfjord er tatt med sidan hjort og elg trekkjer til desse områda.

Hensikta med dette tilbodet er å stimulera til auka uttak av dyr som frekventerar områder der det potensielt fins smittestoff knytt til skrantesjuka. Det er breid oppslutnad om at et slikt tilbod er fornuftig. Det er Nord Helikopter med base på Haukåsen i Sogndal som er operatør.

Kontaktinformasjon:

Koordinator for helikoptertenesta er:

Petter Braaten, Seniorrådgiver i SNO – Telefon: 92407771 eller

Kristoffer Ullern Hansen, Seniorrådgiver i SNO – Telefon 97097720

Epost: petter.braaten@miljodir.no, kristoffer.ullern.hansen@miljodir.no

Gjennomføring:

Det vil så sant det er flyvèr vera mogeleg for utflyging av felte dyr kvar sundag. Vèrforhold og tal innmeldte oppdrag vil vera avgjerande for når på ettermiddagen me startar. Uansett er det slik at flyging må avsluttast før det vert mørkt. 

Det vert gjennomført ei vurdering av kvar enkelt flytur. Dersom det kun er eit fåtall dyr som er felt vil det kunna verta slik at jegarane må basera seg på å bera desse ut. Me har eit budsjett som må søkjast brukt på best mogeleg måte.  Me har no hatt liknande tilbod i 4 år og det vert erfaringsmessig meldt inn nok fraktbehov kvar sundag til å senda ut helikopteret

Felte dyr må i den grad det er mogeleg samlast slik at det vert unngått for mykje "plukkfangst".  Dersom dyret har skinnet på skal det skjerast opp i begge hasane på bakbeina og helikopterstroppen vert tredd gjennom begge hasane før dei vert hekta på helikopterkroken. Jegrane sjølv må vera førebudd på å gjera dette. Dyra må merkast av jegar slik at det er mogeleg å skilja disse dersom det er flere avhentingspunkt og fleire eigarar av dyra, ta difor med strips og ein merkelapp med namn og telefonnummer til fjells.

Dersom nokon har eigne stropper kan desse nyttast dersom dei er godkjende for helikoptertransport samt at dei er utan skadar. Det vert opp til fartøysjefen å avgjera om desse er gode nok.

Dersom jegrane av ein eller annan grunn ikkje kan vera tilstades når helikopteret kjem, må dyr vera klargjort for transport og merka med noko godt synleg til dømes refleksvest. Det må også vera mogeleg å landa der dyra ligg. 

Dersom dyra er flådd, bør dei av omsyn til hygiene pakkast i godkjende big-bags. Helikopteret vil ha med seg big-bags når dei utfører flyginga.  

Når lasta er sett ned på avtalt stad er jegrane sjølv ansvarlege for å ivareta dette.  Av omsyn til effektivitet kan det henda at utflyging av dyr tilhøyrande ulike jegrar havnar på ein stad og ikkje alltid der jegrane ynskjer det. Det må vera mogeleg å henta dyra med bil der dei vert sett ned.

Informasjon på facebook

Me vil forsøke å informera i nokon grad via Facebooksida "hjortejakt i Lærdal".

Kontakt med helikopteret

Helikopteret kan kontaktast på radio via kanalen jakt 1.  For å få kontakt så er det berre å sei:

"Helikopter, kan du høyra (navn)" når du høyrer helikopteret i lufta.

Innmelding av fraktbehov

Dette må meldast inn pr. telefon eller sms til koordinator på tlf: 92 40 77 71 / 97097720

Meldinga må innehalda fylgjande:

Navn på jegar

 

Telefonnummer:

 

Antall dyr og storleik på desse

 

Posisjon for avhenting oppgitt i UTM   (eks: 32 V 428543 6757821)

 

Stadnavn: (eks. Dyrkoll)

 

Stad for levering. Posisjon og konkret stadnavn

 

 

GPS-posisjon og format

Alle kjende GPS'ar har ei mogelegheit for å framvisa posisjonen i UTM/UPS. Dette finnes i menyen som heiter oppsett (setup) og er ein enkel sak å stilla inn.  Det fins også flere app'ar til smarttelefon som leverer posisjon i rett format.

NB. Den første sundagen 15.08.2021 er det Kristoffer Ullern Hansen som er koordinator.

Geilo, 27.07.2021

Petter Braaten