Ordningar for reinsjakta 2023

Eidfjord fjellstyre har vedteke slike ordningar for reinsjakta 2023

Ordningar for reinsjakta 2023 på Eidfjord statsallmenning

Ordningane for jakta er grunngjeve i ynskje om lokal forvaltning og styring av jakta. Det er difor viktig at alle jegerar bidreg til at; 

  • alle felte dyr skal registrerast i Sett og skutt med nøyaktig vekt
  • hjerne- og lymfeknuteprøve og kjeve frå alle felte vaksne dyr skal takast og sendast inn. Villreinutvalet har søkt om tilskot til å stimulera med økonomisk støtte til jegerar som følgjer opp alle vilkår over. Dette vil fjellstyret koma tilbake til.

Ordningane

  1. Det vert trekt rekkefølgje for tildeling. Utflytte eidfjordingar under 30 år vert trekt fyrst på varamannslista. 
  2. Det vert tildelt pakke med 2 bukk 2½ år. 
  3. Innanbygds ungdom som har lov til å delta i opplæringsjakt (fyller 16 år i år og er under 18 år) får tildelt eit fellingsløyve til pris av fellingsavgifta (kr 320,- for vaksne dyr). Fellingsløyve gjeld 1 bukk 2½ år og eldre. 
  4. Tildelte fellingsløyve vert utlevert i ekspedisjonen, betaling skal skje med bankkort eller vipps og mot framvising av godkjent jegeravgiftskort. Det vert kravd kr 200,- i ekspedisjonsgebyr frå dei som ynskjer betaling skal gjerast kontant, og når fellingsløyve skal sendast. 
  5. Det vert ikkje ordning med økonomisk refusjon for innleverte kort før og under jakta. 
  6. Fjellstyret kjøper inn 100 stk Villreinen til utdeling til innanbygds jegerar og vidare til utanbygds så langt opplaget rekk. 
  7. 17. mai-komiteen får 1 fellingsløyve for bukk 2½ år og eldre som premie i 17. mai-arrangementet under føresetnad av at det vert arrangert konkurransar. 
  8. Jakttida vert f.o.m. 20.08 t.o.m. 20.09. 
  9. Nattefredinga vert frå kl 19.00 til kl 07.00. 
  10. Det kan vera inntil 3 medlemer på jaktlaget. Kvar jeger må vera tildelt fellingsløyve. Jaktlag kan vera samansett av inn- og utanbygdsbuande, med krav at alle må vera tildelt fellingsløyve stempla Ha-283. Frist for innsending av jaktlag til fjellstyret for godkjenning er 10. august. Ungdom i opplæringsjakt kan ikkje vera med på jaktlag. 
  11. Fellingsløyve skal vera innlevert fjellstyret seinast 5 dagar etter endt jakttid. Ved gjenteke brot kan dette medføra reaksjonar frå fjellstyret. 
  12. Innanbygds jegerar med kort tildelt frå fjellstyret kan nytta kort frå private vald i Eidfjord på statsallmenningen.
  13. Berre innanbygds jegerar og jegerar frå gamla Ullensvang herad med fellingsløyve stempla Ha- 283 kan nytta Eidfjord statsallmenning sør for Nordmannslågenvassdraget.
  14. Vilkår og grensene for fredningssona sør for Nordmannslågen slik oppretta i 2020 vert vidareført.
  15. Pris; innanbygds: Bukk 2½ år og eldre, kr 1100,-. Utanbygdsbuande betalar dobbel pris.
  16. Det vert å kjøpa inn 100 stk. bagasjevekter til utdeling og å plassera ut på fjellstyrehyttene samt andre strategiske plassar for å kunna vega slakt.

Fredingssona

  • Vilkår og grensene for fredningssona slik oppretta i 2020 vert vidareført

Fredningssona (PDF, 511 kB)

Prisar

  • kr 1 100,- Bukk 2½ år og eldre
  • Utanbygdsbuande betalar dobbel pris